Stor interesse for HVL-konferansen 2024

HVL-konferansen 2024 med tema kunstig intelligens og framtidas utdanning ga oss ny kunnskap og viktige samtalar for å ta i bruk KI på ein forsvarleg og god måte. Her kan du sjå strauminga frå HVL-konferansen 2024. 

I overkant av 150 personar deltok på HVL-konferansen i Mimes Brønn på campus Bergen 24. april. Rundt 250 fulgte strauminga frå alle dei fem campusane. Fekk du ikkje med deg konferansen? Då kan du sjå den her.

Opptak av HVL-konferansen 2024 i Mimes Brønn

 

Ein konferanse som dette krev stor arbeidsinnsats frå mange involverte. Konferansen var jobba fram av ein engasjert programkomité av tilsette ved HVL og koordinert, organisert og gjennomført av Team for arrangement ved HVL med Helene Oestreich i spissen, saman med Medielab. 

HVL-fotograf Mauricio Esteban Pavez Ramirez fekk fanga blinkskot av dei engasjerte foredragshaldarane. 

Bildedryss frå konferansen 

Studenttingsleiar og konferansier, Henrik Haug leia oss solid gjennom konferansen med fine introduksjonar og treffande vitsar undervegs. 

Rektor Gunnar Yttri ønskjer velkommen og innleiar til samtale med prorektor for utdanning. 

I samtale med studenttingsleiar Henrik Haug sette prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal lys på utfordringar, moglegheiter og ansvar KI pålegg HVL som utdanningsinstitusjon. 

Førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag  Alexander Selvikvåg Lundervold tar oss med i KI-landskapet med eit kunnskapsbasert og spennande innblikk på korleis kunstig intelligens grip inn i utdanning, forsking og samfunnet vårt. No og i framtida. 

Førsteamanuensis Steffen Mæland er partikkelfysikar og forskar ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag og forklarar blant anna korleis dei store språkmodellane er bygd opp. 

Stipendiat ved Handelshøgskulen HVL, Emil Lindfors tek oss gjennom historia for innovasjon og endring i utdanning og næringsliv. 

HVL-studentane Andrea Grutle og Jobjørn Røkenes Myren diskuterer studentperspektivet for bruk av KI-verktøy på ein forsvarleg og god måte. 

Panelsamtalen leia av Jobjørn Myren frå Studenttinget. Deltakarar frå venstre Alexander S. Lundervold (førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag), Sverre Simen Hov (næringspolitisk rådgiver i Bergen næringsråd),  Anne-Grethe Naustdal (prorektor for utdanning ved HVL), Josefine Franck-Ring (student) og Wiggo Hustad (avdelingsleder for organisasjonsutvikling og digitalisering ved HVL).

Medielab var i kulissane for heile konferansen. Her jobbar Ferruccio Goia og Brian Holmedal for å sikre at strauminga og det tekniske går som det skal.