Desse har søkt på toppleiarstillingane ved HVL

Søkarlistene for dei utlyste prorektor- og dekanstillingane er no klare. Her kan du sjå kven som har søkt.

Denne våren skal HVL tilsetja to prorektorar og to dekanar i nye åremålsstillingar, gjeldande frå 1. august 2025 og fire år framover.

Dekanar og prorektorar inngår i rektor Gunnar Yttri si leiargruppe.

Ein tek sikte på å tilsetja i styremøtet 24. april.

Prorektor for utdanning

1. Frithiof Svenson, 44 år, sjølvstendig næringsdrivande, Oldenburg
2. Anne-Grethe Naustdal, 58 år, prorektor utdanning HVL, Naustdal
3. Søkar er unntatt offentlegheit

Prorektor for nyskaping og regional utvikling

  1. Søkar er unntatt offentlegheit
  2. Frithiof Svenson, 44 år, sjølvstendig næringsdrivande, Oldenburg
  3. Nikolai Erland, 29 år, dagleg leiar, Førresfjorden
  4. Øyvind M. Berge, 42 år, prodekan for innovasjon og regional utvikling FTMS HVL, Bergen
  5. Alex van Oost, 56 år, on sabbatical leave, Hidrasund
  6. Rikke Stoud Platou 39 år, rådgjevar i RS Platou rådgjeving, Bergen
  7. Torbjørn Roloff Heyerdahl, 51 år, førsteamanuensis og prosjektleiar, Haugesund
  8. Håvard Skibenes, 54 år, økonomirådgjevar HVL, Bergen

Dekan for Fakultet for helse- og sosialvitskap

1. Max Korbmacher, 31 år, postdoktor, Bergen
2. Else Cathrine Rustad, 48 år, viseinstituttleiar FHS HVL, Haugesund
3. Johannes Haltbakk, 62 år, fagseksjonsleiar FHS HVL, Bergen
4. Berit Bareksten, 56 år, sosiolog og kontraktsfesta timelærar ved HVL. Frilansar skriverettleiing og formidling, Bergen
5. Øyvind Kalsås, 47 år, fagseksjonsleiar FHS HVL, Bergen
6. Maria Nordheim Alme, 47 år, fagseksjonsleiar FHS HVL, Bergen

Dekan for Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

  1. Beate Rasmussen, 44 år, einingsleiar, Rossland
  2. Oded Ben-Horin, 54 år, instituttleiar HVL, Bergen
  3. Anne Kristin Rønsen, 49 år, prodekan utdanning FLKI HVL, Stord
  4. Vegard Fusche Moe, 51 år, prodekan for forsking FLKI HVL, Sogndal