Markerer avduking av minnesmerket for Arve Beheim Karlsen

I år er det 25 år sidan Arve Beheim Karlsen blei funnen død i Sogndalselvi. Rektor Gunnar Yttri og studentleiar i Sogndal, Mathias Havnen Tønnessen,  inviterer tilsette og studentar ved HVL til ei samling på Studenthuset Meieriet 28. april.

Minnesmerket for Arve Beheim Karlsen vert avduka søndag 28. april klokka 16.30 på Granden ved Sogndalselvi. Ein time før, klokka 15.30, er tilsette og studentar velkommen til ei samling på Studenthuset Meieriet.

Avdukinga av minnesmerket for Arve Beheim Karlsen er ei hending med stor symbolverdi for Høgskulen på Vestlandet.

- Me inviterer til ei samling i framkant for å diskutera ugjerninga som fann stad for 25 år sidan og me ser nærare på korleis me handterer rasisme og diskriminering i dag, seier rektor Gunnar Yttri.

- Sogndal er Studentbygda med stor «S». Her skal ingen vera utrygge på grunn av hudfarge eller ved å skilja seg ut, seier Mathias Havnen Tønnesen i Studenttinget på Vestlandet.

Tønnesen fortel at studenthuset Meieriet (Labben) er ope frå klokka 15 og har enkel servering denne dagen. Etter samlinga på Meieriet (Labben) går tilsette og studentar saman til Granden for å ta del i avdukinga av minnesmerket.


Rektor Gunnar Yttri og studentleiar i Sogndal Mathias Havnen Tønnessen.

Sogndal kommune skriv slik om tilstellinga på nettsida si:

Minnesmerket for Arve Beheim Karlsen blir avduka 28. april klokka 16.30 på Granden ved Sogndalselvi. Arrangementet er ope for alle.

Arve Beheim Karlsen vart over tid utsett for mobbing, vald og rasisme. Seint fredag kveld 23. april 1999 vart Arve jaga av to jamaldringar som ropa rasistisk motiverte drapstruslar etter han. Tidleg om morgonen måndag 26. april vart Arve funnen død i Sogndalselvi.

I år er det 25 år sidan denne hendinga skaka heile landet. I den anledning skal det avdukast eit minnesmerke som skal stå ved Sogndalselva. Minnesmerket består av ein skulptur laga av kunstnar Tobbe Malm og eit dikt skrive av forfattar Brynjulf Jung Tjønn.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery kjem til Sogndal for å vere med på markeringa ved Sogndalselva.

Her finn du meir omtale og program for markeringa