Ulriken, CERN og stjernene

21. –28. juni i år legg 20 HVL-studentar frå ulike campusar turen innom CERN i Genève. Ein av dei er energiteknologistudent Herman Andreas Linnestad.

– Innovasjon og kreativitet har alltid fascinert meg, seier Herman Andreas Linnestad.

Energiteknologistudenten siktar mot stjernene, eller til nauda Ulriken. Meir om det seinare.

Herman starta tidleg med Lego og Minecraft, i tillegg til at han bygde modellfly med morfaren, som pleidde å arbeide som flyingeniør.

– Då eg høyrde om innovasjonscampen ved CERN vekte det den vesle Herman, som elska å bygge Lego, Minecraft og modellfly. Eg visste med éin gong at dette måtte eg vere med på! seier den engasjerte studenten.

Mot Bergens høgste punkt

Interessa for innovasjon og kreativitet har Herman med seg også på fritida. Han var med på å starte opp Astro HVL, Bergens første studentdrivne rakettforeining.

– Bergen er ein av Noregs største byar for studium, vitskap og ingeniørkunst. Det var uforståeleg at vi ikkje hadde vår eigen rakettforeining for studentar, seier Herman.

I mai skal Astro HVL skyta opp sin første rakett, og målet er å nå høgare enn Ulriken (643 moh.). Det er med andre ord spennande tider for HVL-studenten.

Først Ulriken, så CERN, deretter stjernene?

Sogndalstudent Frøya Rydland Aase ser fram til turen. (Foto: privat)

Ei unik moglegheit

Også Frøya Rydland Aase skal reise til CERN i juni. Ho går førsteåret på siviløkonomstudiet i Sogndal.

– Eg ser på dette som ei unik moglegheit til å utfordre meg sjølv, lære nye metodar for problemløysing og å samarbeide med studenter frå ulike fagfelt, seier Frøya.

Ho gleder seg til å arbeide i eit internasjonalt miljø og bygge nettverk med studentar som deler hennar interesse og engasjement for innovasjon.

– På eit meir personleg plan håper eg campen gir meg nye perspektiv og inspirasjon til korleis eg kan bruke kunnskapen frå studiet mitt i framtidige prosjekt og jobbar, seier Frøya.

Temaet for årets innovasjonscamp er "Kva om menneska kunne starte på nytt? Kva ville vi gjort annleis?". Gjennom intensive gruppearbeid skal studentane tenke utanfor boksen om korleis vi løyser komplekse globale utfordringar.

Fleirårig samarbeid

– Denne turen er berre éin del av det større, langsiktige samarbeidet mellom HVL og CERN som har vore viktig gjennom mange år, seier prodekan for innovasjon og regional utvikling i FTMS, Øyind Midtbø Berge. 

– Gjennom innovasjonscampen breier vi ut dette samarbeidet ytterlegare, og målet er å få endå fleire studentar og tilsette engasjert i CERN-samarbeidet, legg han til. 

HVL Skape, HVL sitt studenttilbod innanfor innovasjon og entreprenørskap, er sentrale i arbeidet med studentdelegasjonen til innovasjonscampen.

bilde av Øyvind Midtbø Berge

Øyvind Midtbø Berge

Prodekan for innovasjon og regional utvikling

– Dette er ei unik moglegheit for studentane våre til å jobbe med nyskaping  på verdas fremste forskingslaboratorium og ein sjanse for dei til å utvikle seg både kreativt og fagleg.

– CERN har dessutan spennande studentprogram som ein kan søke på som HVL-student, så her ligg det vidare moglegheiter for dei som ønsker det, seier prodekanen.

Sidan 2000 har HVL (då som Høgskolen i Bergen) vore ein aktiv partnar i CERN. Fleire forskarar, som Kristin Fanebust Hetland, Steffen Mæland, Håvard Helstrup og Therese Berge Sjursen, har vore aktive i samarbeidet.

Fagleg breidde

Blant dei 20 studentane HVL sender til CERN i år finn vi studentar på både bachelornivå og masternivå frå Sogndal, Haugesund og Bergen. Dei representerer eit vell av ulike fagområde: sjukepleie, fysioterapi, reiselivsleiing, friluftsliv, grunnskulelærar, dataingeniør, innovasjon m.m.

Det er altså eit breitt fagleg spenn i delegasjonen!

– Tverrfaglege samarbeid skaper fleire moglegheiter. Samhandling mellom ulike fagområde styrker innovasjonsarbeidet, seier Øyvind.