Pensum

Pensumlister

Du kan finne pensumlister for inneværande studieår på ulike måtar: 

  • Canvas (om du er student ved HVL)
    Du finn pensumlister for emna du er oppmeldt i saman med info om emnet på Canvas. Det er berre via Canvas du får tilgang til eventuelle filer som er lasta opp til pensumlista.

  • HVL sitt pensumlistesystem (Leganto)
    Samla oversikt over pensum ved høgskulen.

  • Emnebeskrivingar / studieplanar
    Du finn pensumlenke via emnebeskrivingane. Kjenner du ikkje emnekode eller emnenamn, kan du gå inn via studieplanane.

Dersom pensumliste i eit emne ikkje finst, ta kontakt med faglærar/institutt.

Pensum som lydbok

Studentar med lesevanskar kan låne studielitteratur som lydbok frå Tibi (tidlegare NLB).

Sjå også HVL sine sider om tilrettelegging av studiesituasjonen.

Pensum for tidligare studieår

Pensum frå 2018/2019 til idag finn du i HVL sitt pensumlistesystem. Bruk "Avansert søk" for å finne dei.

Pensum frå 2017/2018 og tidlegare finn du via studiestad:

Fagansatt som skal registrere pensum?

Sjå Vestibylen for informasjon.