Framdriftsrapportering

Ein gong i året skal du og hovudrettleiar levera individuelle framdriftsrapportar til fagansvarleg. Formålet er å fanga opp eventuelle utfordringar for å kunna følgja opp einskildkandidatar på ein god måte, samt bidra til kvalitetsutvikling av i forskarudanninga ved HVL.

Ph.d.-kandidatar og hovudrettleiarar skal kvart år levera separate og uavhengige skriftlege rapportar om framdrifta i forskarutdanninga (ph.d.-forskrifta § 4-8). Ph.d.-kandidat og hovudrettleiar får tilsendt lenke til sitt personlege, elektroniske skjema på e-post i byrjinga av oktober. Svarfrist er 1. november. Ph.d.-kandidat og hovudrettleiar fyller ut skjemaet kvar for seg. Merk at ph.d.-kandidat og rettleiar ikkje vil få innsyn i kvarandre sine rapportar.

Framdriftsrapporteringa har eit todelt formål;

  • å fanga opp eventuelle utfordringar for den einskilde kandidat for å kunna følgja opp dette

  • å bidra til utvikling av kvalitet i forskarutdanninga ved HVL


Dette kan de lesa meir om i punkta under.

Merk at manglande eller mangelfull rapportering frå kandidaten kan føra til tvungen avslutning i ph.d.-programmet. Rettleiarar som unnlèt å følgja opp rapporteringsplikta kan verta fråteken rettleiaransvaret.

Oppfølging av ph.d.-kandidatar etter framdriftsrapporteringa

Framdriftsrapportane vil verta gjennomgått av fagansvarleg og ph.d.-koordinator ved ph.d.-prgrammet. Eventuelle forseinkingar i progresjon eller andre forhold som krev at det vert sett inn tiltak vil verta følgt opp slik at HVL på best mogleg måte kan leggja til rette for at kandidaten skal ha ein god progresjon og fullføra ph.d.-utdanninga. Dersom oppfølging er aktuelt, vil fagansvarleg eller ph.d.-koordinator ta kontakt for å avtala vidare prosess.

Kvalitetssikring av ph.d.-programmet

Framdriftsrapporteringa er ein del av det systematiske kvalitetsarbeidet i ph.d.-utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet. Basert på rapportar frå ph.d.-kandidatar og rettleiarar lagar fagansvarleg ein samla rapport til programutvalet og dekan om ph.d.-kandidatane si framdrift. Det vil verta henta ut statistikk frå utvalde spørsmål i framdriftsrapporteringa, men dette skal ikkje knytast til einskildpersonar. Den samla rapporten skal seia noko om omfang av ulike typar utfordringar og oppfølginga av desse, og skal ikkje innehalda personopplysningar om den einskilde kandidat eller rettleiar. Programutvalet vedtek eventuelle tiltak for å kvalitetssikra ph.d.-utdanninga.

 

Personvern og sensitive personopplysingar

Personvernerklæring for framdriftsrapportering i ph.d.-utdanninga skildrar korleis personvernet for den einskilde ph.d.-kandidat og rettleiar vert teke i vare. Lenke til personvernerklæringa blir lagt ut her. 

Merk at framdriftsrapportane ikkje skal innehalda sensitive personopplysingar. Som sensitive personopplysingar reknar ein opplysningar om etnisk opphav, politisk oppfatning, religion, filosofisk overtyding, fagforeiningsmedlemskap, genetiske opplysingar, biometriske opplysingar, helseopplysningar, seksuelle forhold, og seksuell legning (jf. Datatilsynet).

Eventuelle sensitive personopplysningar som ph.d.-kandidat eller rettleiar ønskjer å formidla, kan formidlast direkte til fagansvarleg eller ph.d.-koordinator. Dersom ein framdriftsrapport likevel inneheld sensitive personopplysingar må dei sensitive opplysingane slettast. Det er fastsett prosedyre for dette i personvernerklæringa.

Unntak frå rapporteringsplikta

Hovudregel er at alle aktive ph.d.-kandidatar og deira hovudrettleiarar skal rapportera. Det finst nokre få unntak:

  • Ph.d.-kandidatar og rettleiar treng ikkje rapportera dersom kandidaten har oppstartsdato etter 1. juli 
  • Ph.d.-kandidatar og rettleiar treng ikkje rapportera dersom kandidaten har levert inn avhandlinga si
  • Kandidatar som er i lengre sjukepermisjon, fødselspermisjon eller liknande i rapporteringsperioden kan velja om dei vil rapportera
  • Hovudrettleiar for kandidat som har vore sjukemeldt, i foreldrepermisjon eller hatt anna lovfesta fråvær i heile rapporteringsperioden treng ikkje rapportera.

Dei som er unnatekne frå rapporteringsplikta må likevel logga seg inn i den digitale løysinga, opne årets skjema og haka av for at dei ikkje skal rapportera (første spørsmål i skjemaet), og deretter avslutta rapporteringa.

Skjema for framdriftsrapportering

I skjemaet for framdriftsrapportering får ph.d.-kandidatar spørsmål knytt til følgjande tema: tilsetjingsforhold, pliktarbeid, opplæringsdel, status i forskingsprosjektet og rettleiing. Hovudrettleiarar får spørsmål knytt til framdrift, status for ph.d.-prosjektet og rettleiing.

Ph.d.-kandidat og hovudrettleiar kan kva tid som helst logge seg inn i den digitale løysinga kor dei vil få tilgang til alle tidlegare leverte rapportar.

Trykk her for å logge inn i løysinga.

Dersom du er ekstern rettleiar må du logge inn ved å bruka alternativ pålogging, resterande brukarar kan logga inn ved bruk av Feide

Har du spørsmål til den digitale løysinga for framdriftsrapportering, eller ønskjer å melda inn avvik, kan du senda ein e-post til AFII-PhD@hvl.no.