
Studentambassadørar for HVL
Er du ein engasjert HVL-student som ser etter ein spennande deltidsjobb? Då kan jobben som studentambassadør vere noko for deg!
Vi ser etter studentar til hausten, som ønskjer å reise rundt og snakke om utdanningane til HVL. Vi søker studentambassadørar ved campus Bergen, Haugesund og Sogndal. Som studentambassadør vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å marknadsføre høgskulen og hjelpe dei som vurderer å søke utdanning hos oss.
Dette er ein perfekt deltidsjobb for studentar! Vi tar omsyn til praksis og obligatorisk undervisning. Å vere studentambassadør for HVL er ein fleksibel, sosial og gøy jobb.
Stillinga er timebasert, 218 kr/timen.
Kva skal du gjere?
- Reise på besøk til skular (hovudsakleg på vestlandet) for å halde presentasjonar og stå på stand.
- Presentere høgskulen under ulike arrangement på campusane våre.
- Halde omvisingar på campus.
- Svare på spørsmål på vår chat på hvl.no.
- Andre oppgåver kan også bli aktuelt.
På messer og skulebesøk reiser du som regel saman med andre HVL-ambassadørar.
Passar for deg som..
- Er sosial, positiv og løysingsorientert.
- Likar å snakke med folk, også for forsamlingar.
- Vil lære presentasjonsteknikk.
- Vil bli kjend med andre studentar.
- Har god formidlingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.
Noko for deg?
Høyres dette ut som noko for deg? Søknadsfrist er 24. august, men vi tek imot søknadar allereie no. Intervju vil vere i starten av september.
Send søknad
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål på skah@hvl.no