
Studentambassadørar for HVL
Er du ein engasjert HVL-student som ser etter ein spennande deltidsjobb? Då kan jobben som studentambassadør vere noko for deg!
Vi ser etter studentar til hausten, som ønskjer å reise rundt og snakke om utdanningane til HVL. Som studentambassadør vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å marknadsføre høgskulen og hjelpe dei som vurderer å søke utdanning hos oss.
Dette er ein perfekt deltidsjobb for studentar! Vi tar omsyn til praksis og obligatorisk undervisning. Å vere studentambassadør for HVL er ein fleksibel, sosial og gøy jobb.
Stillinga er timebasert, på lønnstrinn 35.
Kva skal du gjere?
- Reise på besøk til skular (hovudsakleg på vestlandet) for å halde presentasjonar og stå på stand.
- Presentere høgskulen under ulike arrangement på campusane våre.
- Halde omvisingar på campus.
- Svare på spørsmål på vår chat på hvl.no.
- Andre oppgåver kan også bli aktuelt.
På messer og skulebesøk reiser du som regel saman med andre HVL-ambassadørar.
Passar for deg som..
- Er sosial, positiv og løysingsorientert.
- Likar å snakke med folk, også for forsamlingar.
- Vil lære presentasjonsteknikk.
- Vil bli kjend med andre studentar.
- Har god formidlingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.
Noko for deg?
Høyres dette ut som noko for deg? Ta gjerne kontakt om du er interessert på skah@hvl.no