Studiestart for forkurs, realfagskurs, vidareutdanning, PPU eller årsstudium

Skal du ta fatt på forkurs, realfagskurs, vidareutdanning, PPU eller årsstudium ved HVL hausten 2024? Her finn du informasjon om oppstart for ditt studium.

Oppstartsregistrering

Har du fått studieplassen via det lokale opptaket vårt (Søknadsweb), gjeld semesterregistrering som registrering av oppmøte. Du får ein pin-kode på SMS frå oss når du kan registrere deg.

Dersom du har fått studieplassen din via Samordna opptak, er det i tillegg obligatorisk å registrere oppmøte digitalt på oppstartsdagen. Skal du registrere oppmøte digitalt, vil du få SMS med ein kode og ei lenke for registrering. Du må registrere deg innan kl. 15.00 den 12. august.

Skal du starte på ei utdanning med eigenbetaling (kursavgift) eller finansiering frå Utdanningsdirektoratet, eller eit oppdragsstudium, treng du ikkje registrere deg ved oppstart og vil ikkje få SMS om dette. Det same gjeld dersom oppstartsdato er etter 1. september.

Har du ikkje norsk mobilnummer? Dersom du ikkje har norsk mobilnummer vil du få informasjon på e-post. Det vert sendt til e-postadressa du brukte i søknaden din. 

 

Tid for oppmøte

Vi legg løpande ut informasjon om oppstarten per studieprogram. Her finn du oppstartsinformasjon til deg som skal ta utdanning ved:

Stord

Helse- og sosialfag

  • Pedagogisk veiledning:
    • Oppstart: 27.08.2024
  • Tverrfaglig utdanning i psykososialt arbeid med barn og unge:
    • Oppstart: veke 36 2024

Praktisk-pedagogisk utdanning og andre årsstudium

  • PPU for allmenne fag (deltid)
    • Oppstart:
      • digitalt oppstartsmøte 
      • Første samling: 
  • PPU for yrkesfag (deltid)
    • Oppstart:
      • Digitalt oppstartsmøte
      • Første samling 
  • Årseining i kunst og handverk: 
    • Oppstart: 12.08.2024
  • Årseining i musikk: 
  • Årseining i kroppsøving og idrettsfag:
    • Oppstart: 12.08.2024

Skule og barnehage

  • Fjords and glaciers (halvtårseining): 
    • Oppstart: 05.08.2024
  • Kunst, kultur og kreativitet i barnehagen:
    • Oppstart: 02.09.24
  •  

 

Skal du starte på eit nettstudium? Då finn du informasjon om oppstart her.