Hopp til innhald

MKH800 Mentorutdanning i kommunal helseteneste

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Gjennom denne utdanninga kan du utvikle kunnskapar og ferdigheiter som kan bidra til eit godt kollegafellesskap og gode læringsprosessar i tenesta og hos nytilsette. Deltakerne tilegner seg innsikt i dei sentrale omgrepa innan mentoring. Vidare leggast det vekt på kommunikasjonsferdigheiter, strategiar og handlingsmogeligheiter i rolla som mentor og hos den nytilsette, samt korleis ein kan møte utfordrande tema og situasjoner.

Utdanninga inneheld seks digitale samlingar med ulike tema, og der undervisninga vekslar mellom ulike format. Alle deltakara vil og få individuell rettleiing.

Opptakskrav:

For å kunne ta studiepoeng må deltakarane ha GSK (generell studiekompetanse).

For kursbevis krevs inga opptakskrav.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

Studenten har kunnskap om...

  • sentrale omgrep og teoriar innan mentoring
  • etiske aspekt og verdigrunnlaget i mentoring
  • læring og læringsprosessar, kva kan fremme og hemme nytilsette si læring
  • betydninga av relasjon og kommunikasjon i mentoring
  • mentors roller og funksjonar, avgrensing av mentor rolla

Ferdigheter

Studenten kan...

  • planlegge, legge til rette og gjennomføra mentoring i samsvar med virksomhetas mentorprogram og den nytilsette sitt behov for mentoring
  • vurdere og anvende utvalt og egna mentoringsstrategiar og -metoder
  • planlegge og gjennomføre utfordrande mentoringssamtaler
      • Identifisera, analysera og vurdera utfordringar og etiske dilemma i mentoring av nytilsette og drøfte val av handlingsmogeligheiter

Generell kompetanse

Studenten kan...

  • analysere, vurdere og reflektera over tenestenes kvalitet på ein konstruktiv måte saman med mentee/nytilsatt og drøfte val av handlingsmogeligheiter
  • reflektere over egen åtferd/veremåte og kommunikasjon i mentorrollen
  • ivareta etiske aspekt i egen mentoring
  • reflektere over betydninga av konteksten og rammene for mentoringen

    • anerkjenne mentoring som eit tiltak for at virksomheten skal rekruttera og behalde helsepersonell for å styrke tenestenes kvalitet
    • bidra til å vidareutvikla mentoringsprogrammet og forankre det i eigen organisasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer samlingsbasert på seks digitale samlingar mellom januar 2026 og juni 2026.

Utdanninga inneheld seks digitale samlingar med ulike tema, og der undervisninga vekslar mellom ulike format. Ein vil nytta korte introduksjonsforelesningar, rollespel, refleksjonsøvelsar, gruppediskusjonar, samt erfaringsutveksling mellom deltakarane. Føremålet er å auke den einskildes kunnskap og innsikt i ulike perspektiv som kan vera førmålstenelig i møte med den røynda framtidige mentee står i. Alle deltakara vil og få individuell rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 90% deltaking på alle seks samlingane.

Innlevering av ein innspelt samtale på 15 min (rollespel eller verkeleg) innan femte samling.

Vurderingsform

For studentane som ynskjer å ta 10 studiepoeng:

  • Innlevering av ei oppgåve på 4000 ord.

Vurderingsuttryk:Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikkje bestått.

Ny eksamen:

Ved ikkje bestått leverer studenten ein ny oppgåve

For å få kursbevis:

  • 90 % deltaking på alle seks samlingane
  • Gjennomføre en 45 min veiledningsøkt med en av foreleserne

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

KI i utdanning - Høgskulen på Vestlandet

Hjelpemiddel ved eksamen - Høgskulen på Vestlandet

Meir om hjelpemiddel