Høgskulen på Vestlandet - Høgskulen på Vestlandet

Framtida har ein plass til deg!

Tre studenter som smiler

Høgskulen ligg på vakre Vestlandet, og med fem campusar har du luksusen til å velje akkurat den studiestaden som passar deg. Ved HVL kan du velje studium som har høg verdi for samfunnet, og komme raskt ut i jobb. Dette er nokre av grunnane til å velje HVL. 

Kvifor studere ved HVL?
Det ukrainske flagget

HVL følgjer utviklinga i Ukraina tett og er klare til å yte hjelp og støtte i dei vanskelege tilhøva som står føre. Vi har stor merksemd på å ivareta studentar og tilsette som er råka av krigen, på å hjelpe flyktningar som kjem til landet vårt, og på å vere ein ressurs i lokalsamfunna vi er ein del av.

Krigen i Ukraina og HVL

Kalender

Aktuelt

  • RoboVest, det nye testanlegget for teknologi innan frukt- og bærdyrking. Alle foto: Katrine Sele

    Under ein gjennomsiktig teltduk i bakkane over Sognefjorden, blir lange rekker av høge bringebærskot overvaka av ein liten, gul robot. På det nyopna testanlegget jobbar forskarar og bønder saman med å utvikle framtidas bærnæring.

  • – Det har vore gøy å skape noko som barn skal få lov til å utforske, seier grunnskulelærarstudent Magnus Mjømen (t.h). Her saman med medstudent Tarita Lewis og faglærar Jon Hoem. I slutten av mai kan barn få oppleve lydskapningane i Aquafoni under årets Småspill.

    Det blir teater, dans, kunst og musikk når Høgskulen på Vestlandet og Festspillene arrangerer barnekunstfestival for andre gong. Tilsette og studentar ved HVL står for store delar av Småspill-programmet i Sogndal, Bergen og på Stord 29. mai til 2. juni 2022.

  • Høgskulen på Vestlandet og campus Bergen er vertskap for årets representantskapsmøte i Universitets- og høgskulerådet. Over 80 rektorar, direktørar og studentleiarar, og leiarar i departement og direktorat kjem til Kronstad. Mimes Brønn er hovudarena for arrangementet.

    – Vi gler oss til å vera vertskap og stilla vår fine campus i Bergen til disposisjon, seier rektor Gunnar Yttri i HVL. Torsdag og fredag denne veka samlar Universitets- og høgskulerådet (UHR) over 80 deltakarar til det årlege representantskapsmøtet.