Høgskulen ligg på vakre Vestlandet, og med fem campusar har du luksusen til å velje akkurat den studiestaden som passar deg. Ved HVL kan du velje studium som har høg verdi for samfunnet, og komme raskt ut i jobb. Dette er nokre av grunnane til å velje HVL.
HVL følgjer utviklinga i Ukraina tett og er klare til å yte hjelp og støtte i dei vanskelege tilhøva som står føre. Vi har stor merksemd på å ivareta studentar og tilsette som er råka av krigen, på å hjelpe flyktningar som kjem til landet vårt, og på å vere ein ressurs i lokalsamfunna vi er ein del av.
Leiinga ved høgskulen har sett på moglegheitene for å invitere flyktningar frå Ukraina-krigen til høgskulen sine campus utover våren, for å komme i kontakt og sjå kva høgskulen eventuelt kan tilby dei.