Hopp til innhald

Kopiering og deling av TV, radio og film

Program frå NRK

Norwaco-avtalen gjev lov til å gjere opptak av program frå kanalar som: NRK1, NRK2, NRK3/Super, SVT1, SVT2, DR1, DR2, DR3, m.fl., samt NRK radio. Norwaco har òg ei oversikt med norskproduserte filmar som det er lov å bruke. Ein kan ta opptak av heile eller deler av produksjonen. 

Det er ikkje lov å gjere opptak av:

  • Filmverk tenkt for anna bruk enn kringkasting.
  • Filmverk som er tilgjengeleg gjennom sal eller utleie. Unntak for nemnte norskproduserte spelefilmar.

Opptak av kringkastingsprogram kan ikkje brukast som musikkakkompagnement ved undervisning i dans, musikk, gymnastikk og liknande. Det må då avtalast i eigen avtale.

Ein kan gjere opptak tilgjengeleg for studentar via lukka nettverk som Canvas eller via Zoom eller via fysiske media som storskjerm. Det er ikkje lov å dele fysisk eksemplar av opptak.

For meir utfyllande informasjon sjå Norwaco sine eigne sider. Dersom du har spørsmål, kontakt dei på norwaco@norwaco.no

Bestille frå AV-Sentralen

Hjå AV-Sentralen kan du bestille opptak av NRK-program og få nedlasting av filmar.

Kanopy

Kanopy er ei strøymeteneste for spelefilmar og dokumentarar. Tilsette kan legge inn ønsker og så kjøper biblioteket ev tilgang til den aktuelle filmen for 1 år. Då kan den sest uavgrensa gangar av alle ved HVL. Studentar og tilsette loggar inn på Kanopy med Feide-ID. Lenke direkte til filmar kan leggjast inn i Canvas e.l.

Les meir om Kanopy.

Kontakt biblioteket

Filmbib

Norske kort- og dokumentarfilmar av nyare dato, men har òg eit utval av eldre filmar. 

Filmrommet

Nettbasert klikkefilmteneste (video-on-demand) til bruk for tilsette ved HVL i samband med undervisning. Tenesta inneheld over 2200 filmar, m.a. filmar frå norsk og internasjonal filmarv.

Les om korleis du kan dele ein film i 48 timar med studentar.

Kontakt biblioteket for brukernavn og passord.

Dokumentarar frå Netflix

Har du konto hjå Netflix så gjev dei deg løyve til å vise orignalproduserte dokumentarar for studentar. Det er avgrensa til eín dokumentar per studentkull og semester. Det er ikkje lov å ha framvising med andre filmar eller seriar frå Netflix.