5 ting du bør vite om OU

Du vil ikkje tru kor lett du kan halde deg oppdatert på arbeidet med å utvikle den nye organisasjonen.

1. Det er ikkje OU-programmet som bestemmer korleis ting skal sjå ut

OU-programmet er kort for organisasjonsutviklingsprogrammet, som er ein mellombels struktur for arbeidet med å utvikle HVL fram til ansvaret er plassert i den nye organisasjonen. 

Programmet skal organisere og gi støtte til arbeidet med å løyse ulike spørsmål knytt til utviklinga av ein felles organisasjon for HVL. Dette arbeidet er delt inn i ulike prosjekt og delprosjekt.

Prosjekta skal legge til rette for gode og involverande prosessar, som gir eit godt grunnlag for å fatte ei avgjerd. Denne avgjerda er det, som vi veit, rektor og styret som til sjuande og sist fattar.

2. Den første høyringa er sendt ut

Fakultetet som skal romme lærarutdanning, kulturfaga og idrett har sendt forslag til instituttstruktur på høyring i organisasjonen. Du kan sjå høyringa og lese meir her.

Fagmiljøa for helse- og sosialfag og for ingeniør- og naturvitskap arbeider no med å gjere klar sine høyringsutkast. Dei vil sende ut modellar på høyring anten like før eller like etter sommaren, og dei vil halde høyringsmøte etter sommaren.

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap skal ha sitt siste arbeidsmøte om instituttstrukturen 10. august, og vil sende saka på høyring etter dette. 

3. Det er ikkje OU-programmet som skal plassere inn tilsette i ny organisasjon

Det er personaleiningane som har ansvar for innplasseringsprosjektet. OU-programmet, ved P3.3 Administrativ organisasjonsstruktur, skal utarbeide organisasjonsstruktur og bemanningsplanar til bruk i innplasseringsprosessen, medan sjølve innplasseringa av dei einskilde medarbeidarane ligg til personal.

Innplasseringa er i denne omgang først og fremst ei sak som får konsekvensar for administrativt tilsette. Fagleg tilsette "følgjer" sine fagmiljø til dei nye fakulteta, når dei trer i kraft 1. januar 2018. 

Det vil bli utarbeidd ein kommunikasjonsplan for arbeidet med innplassering i samråd med dei tillitsvalde, og meir informasjon vil vere klar over sommaren.

4. Alt står på nettsidene

OU-programmet har eigne nettsider der all informasjon blir samla. Her blir det også lagt ut statusoppdateringar for dei ulike prosjekta, under kva skjer.

Fagleg og administrativ organisering er dei to prosjekta som har størst aktivitet, og her blir kva skjer-sidene oppdatert kvar veke. 

5. Du kan få oppdateringar kvar veke

Meld deg på vekebrevet, så får du eit skjermbrev rett til din innboks med oppsummeringar av aktuelle saker frå prosjekta. Brevet blir i hovudsak sendt ut kvar veke og tek utgangspunkt i ei overordna kva skjer-side.

Du melder deg ved å sende inn e-postadressen din via ein knapp på framsida av hvl.no/ou.

Eventuelt kan du sende ein e-post til ou-info@hvl.no, så blir du registrert. Hit kan du også sende spørsmål du lurer på, eller innspel til saker du saknar informasjon om.

PS: Aktiviteten i OU-programmet går ned i juli, då både prosjektleiarar og medarbeidarar elles har ferie. Det blir derfor pause i oppdateringane i juli, men i august startar vi opp igjen.