Bli kjent med det nye studentombodet

Kjersti Brevik Møller er nytt studentombod ved Høgskulen på Vestlandet.

Det nye studentombodet har allereie vore i jobb ved HVL i snart to månader, og er i full gang med arbeidsoppgåvene.

– Dagane har vore veldig varierte, og det synest eg er kjekt. Eg har mellom anna halde foredrag for studenttillitsvalde og stått på stand på alle HVL-campusane, seier ho.

Brenn for studentrettar

Møller avslutta jusstudia ved UiB før jul, og starta rett i jobb som Studentombod ved Høgskulen på Vestlandet. Ho tok over stillinga etter Sindre R. Dueland, som no jobbar som studentombod ved UiB.

Som tidlegare ungdoms- og studentpolitikar med utdanning som fanesak, har ho god kjennskap til utdanningssektoren.

– Eg har alltid hatt stor interesse for utdanningsfeltet og studentane sine rettar, så då denne stillinga dukka opp, syntest eg det passa det veldig godt. Og no er eg her, smiler ho.

Er du i tvil – ta kontakt

Kva er dine viktigaste arbeidsoppgåver som studentombod?

– Jobben min er å fremje studentane sine rettar og sørge for rettferdig saksbehandling i studentsaker. Det kan til dømes gjelde eksamen, tilrettelegging, upassande hendingar eller generelle spørsmål, seier ho.

Når bør ein ta kontakt med studentombodet?

– Dersom du har spørsmål om dine rettar som student, eller du opplever ei uønskt hending, må du gjerne ta kontakt med meg. Eg har teieplikt, og kan svare på spørsmål utan at du treng å bekymre deg for at andre får vite om saka utan at du samtykker. Er du i tvil om du bør ta kontakt, så gjer det! Det verste som skjer er at eg viser deg vidare til rett instans, seier studentombodet.