Første bachelor i teknologileiing

Lauritz Haringstad Løvø er den første studenten ved HVL som tar bachelorgrad i teknologiledelse med utgangspunkt i etter- og vidareutdanningskurs. Til dagleg er han administrerande direktør i bedrifta Malm Orstad.

Måndag mottok han det historiske vitnemålet på oppnådd bachelorgrad i teknologileiing.

Den nye bachelorgrada er eit samarbeid mellom HVL og Addsico. Addsico er eit utdanningsselskap som tilbyr medlemmane i Foreningen for Ledelese og Teknikk(FLT) etter- og vidareutdanningskurs.

Har tatt eksamen kvart år i 20 år

Under vitnemålsutdelinga fekk vi møte ein bedriftsleiar som har vore opptatt av å halde seg fagleg oppdatert.

– Det er få leiarar som har tatt eksamen nesten kvart år i 20 år, men kanskje fleire burde ha gjort det, sa prorektor Bjørg Kristin Selvik, i sin tale. Ho lag også til at sjølv om Haringstad Løvø no har mottatt vitnemål rekna ho ikkje med at det var slutt på studiane.

– Kjenner eg deg rett kjem du til å fortsette å halde deg fagleg oppdatert, sa Selvik. 

Leiarar må ha oppdatert kunnskap

Hovudpersonen sjølv er godt nøgd med grada, men mest opptatt av kunnskapen han har tileigna seg gjennom kursa han har tatt.

– Det er krevjande å vere leiar i dag. Du skal vere oppdatert på lovverk innan mange område og ansvaret mange leiarar har er stort. Utan kunnskap er det vanskeleg å vere leiar, seier Lauritz.

For bedriftsleiaren har det blitt jamnlege kurs både ved tidlegare Høgskolen i Bergen og UiB. Her har han blitt fagleg oppdatert på bedriftsøkonomi, HMS og endring, prosjektleiing, innkjøp og innovasjon og endringsleiing mellom anna.

Open leiarstil

Direktøren som aldri hadde tenkt han skulle bli direktør vart henta inn for å gjennomføre omstilling av bedrifta Malm Orstad ved hjelp av LEAN driftsstrategi. Målet var å auke selskapet sin konkurransekraft. Til denne jobben fekk han god nytte av det han lærte på kurset teknologi- og endringsleiing ved HVL.

– Kunnskapen om teknologi- og endringsleiing var heilt nødvendig for å kunne leie bedrifta gjennom den omstillinga som vi måtte igjennom og som vi framleis er i, seier Haringstad Løvø.

Som leiar legg han stor vekt på korleis han kommuniserer med sine tilsette, og han har lært at det ikkje nyttar å skjule dårleg nytt for dei tilsette.

– Eg er veldig open som leiar og seier det som det er til mine tilsette. Eg fortel om dei positive tinga me oppnår, sjølv om landskapet framleis ser mørkt ut. Å vere forutsigbar er viktig.

Fagforbund satsar på etter- og vidareutdanning

Mange av kursa som bedriftsleiar Lauritz Haringstad Løvø har tatt har han tatt gjennom Addsico, som er selskapet som tilbyr medlemmane i Foreningen for Ledelse og Teknikk etter- og vidareutdanningskurs på høgskulenivå.

Dagleg leiar i Addsico Nina Henriksen seier at fagforbundet har vore svært bevisste på at den viktigaste medlemsfordelen dei vil tilby medlemmane sine er etter- og vidareutdanningskurs på høgskulenivå.

– Vi er opptatt av at det enkelte medlem skal få tilrettelagt moglegheita for livslang læring. Den enkeltes rett til dette er noko vi har jobba for. Derfor gjer det meg ekstra stolt at sånne som Lauritz har oppnådd ei bachelorgrad på grunn av alle kursa han har tatt, der mange er med støtte frå oss, seier Henriksen.

– Vi ønsker også å rette ein stor takk til HVL som har vært innovative og med på å utvikle denne bacheloren i teknologiledelse, avsluttar Henriksen.

Lurer du på kva som skal til for å oppnå ei bachelorgrad slik som Lauritz? Les meir om moglegheita.