Første kullet med HVL-studentar

4. januar var ein historisk dag for Høgskulen på Vestlandet. Det første kullet med HVL-studentar starta opp ved sjukepleiarutdanninga i Førde.

– Eg er i ein heilt ny by, heilt aleine. Det er litt skummelt, og det blei mykje info på kort tid. Eg greier ikkje å ta alt inn. Men eg gler meg veldig til å komme i gang, sa Lisa Eikås Brekke frå Bergen.

Ho var ein av dei 63 nye sjukepleiestudentane som starta opp 3. januar i Førde. Dermed var ho ein del av kull nummer 70 ved sjukepleieutdanninga i Førde, men også av kull nummer 1 som blir tatt opp ved Høgskulen på Vestlandet.

Vanskeleg å komme inn

– De vil for alltid stå i historiebøkene. HVL er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med over 16 000 studentar. Det er ein høgskule med eit klart mål om å bli ekstraordinært god på nettopp slike profesjonsretta utdanningar som de skal begynne på, sa Rasmus Stokke, fungerande prorektor i Sogn og Fjordane.

Spesielt for opptaket i år var den store geografiske spreiinga i kullet – fleirparten kjem utanfrå fylket. Dei som har komme inn på utdanninga i januar, har konkurrert mot 400 andre søkjarar om plassane. Stokke framheva at utdanninga har skåra heilt i landstoppen på Studiebarometeret, som måler studentane sitt syn på ulike kvalitetar ved studia dei går på. 

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen frå Helse- og omsorgsdepartementet var også til stades for å ønske velkommen. Ho har sjølv bakgrunn som sjukepleiar.

– Kjære framtidige sjukepleiarar, de vil bli våre aller viktigaste medspelarar i utviklinga av helsetenesta i Noreg, sa Erlandsen.

– Utviklinga av ny helseteknologi vil bli spesielt viktig. Difor er det veldig bra at de her i Førde studerer i lag med ingeniørar, og kan gå i dialog med dei.

Større fagmiljø

Etter fusjonen med tidelgare HiB og HSH, er utdanninga no ein del av eit mykje større fagmiljø enn før. Studentane vil i liten grad merke nokon forskjell, men på sikt ventar dekan Randi Skår at fusjonen vil leie til eit rikare utdannings- og forskingsmiljø som studentane vil nyte godt av.

– Etter kvart som vi blir kjende med kvarandre på tvers av dei tidlegare institusjonane, vil vi utvikle nye faglege samarbeid og forskingssamarbeid. Desse moglegheitene vil gradvis opne seg opp, seier Skår.