Forsterkar smittevernet

Smittetrykket aukar og fleire kommunar forsterkar smittevernstiltaka. For Bergen kommune er det no lokale anbefalingar. Beredskapsgruppa i Høgskulen på Vestlandet følgjer med på situasjonen. Inntil vidare går aktiviteten ved HVL som normalt.

Dei lokale anbefalingane for Bergen kommune blei sett i verk tysdag 9. november. Dei gjeld i to veker framover, og det er viktig å gjere seg godt kjent med dei.

Dette gjeld i Bergen kommune:

  • Munnbind bør brukast der det ikkje er mogleg å halde avstand innandørs i det offentlege rom; som offentleg transport (inkludert taxi), butikkar og kjøpesenter.

  • Om ein i husstanden er smitta, er anbefalinga at andre medlemmar held seg heime for å følgje med på om ein kan vera smitta. Dette gjeld uansett om du er vaksinert eller ikkje.

Høgskulen på Vestlandet følgjer nasjonale og lokale råd og retningslinjer. Vi følgjer anbefalingane frå Bergen kommune og forsterkar vår eigne smittevernstiltak på alle campusar. Det gjer vi mellom anna ved å leggje til rette for god handhygiene gjennom auka tilgang til handsprit.

Vi minner òg om styresmaktene sine råd om vaksinering og det å ha låg terskel for å teste seg.

Her finn du informasjon om koronatiltak ved HVL.