Full fart for alle

Med hjelpemiddel kan alle, uansett funksjonshemming, kjenne gleda av å suse ned ein bratt skibakke med vind i håret og sol i augo.

Vinterleikane på Heggmyrane i Sogn er etter kvart blitt ein tradisjon. Høgskulelektor Brit Marie Follevåg ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) fortel at fleire og fleire miljø er blitt inkludert med åra.

Det er tredje års vernepleiestudentar som har regien på dagen: Dei inviterer, står for ulike aktivitetar og lagar mat og drikke til dei som er med. Sosialt nettverksarbeid er nyttig kunnskap når dei skal ut i yrkeslivet.  Studentar frå fordypningsemnet Friluftsliv og psykisk helse hjelpte også til på arrangementet.  

 Mykje å prøve ut

- Denne dagen har vi spesielt merksemd retta mot lokalsamfunn og frivillig arbeid. Dagen er blitt ein viktig møteplass for oss som utdannar studentar innafor vernepleie, idrett og friluftsliv, for dei som arbeider med menneske med ulike funksjonshemmingar og deltakarane som har ei funksjonshemming, seier Follevåg.

Bruk av sit-ski med følgje, piggekjelke, akeutstyr og skilator gjer at menneske som er blinde, lamme eller har andre handikap kan delta i vinteraktivitetar. Ida Solheim, ein av deltakarane, testa ut piggekjelken, sit-ski og skuter.

– Topp dag, var dommen frå Ida, som også prøvde seg som reporter den dagen. Følgjande er intervjuet hennar med ein vernepleiarstudent:

IDA: Korleis har du hatt det i dag?

STUDENT: Eg har hatt det kjempebra! Det var for eksempel veldig gøy å prøve å stå bak ein sit-ski.

IDA: Korleis er stemninga?

STUDENT: Den er fantastisk bra! Det er god musikk, alle er glade og prøver seg på ski og aking.

Nettverksbygging og gratis utlån

Dei rundt 60 deltakarane på Heggmyrane er folk frå skikrinsen og handikapforbundet, produsentar og leverandørar av ulike hjelpemiddel og hjelpemiddelsentralen som låner ut utstyret. Hovudpersonane er likevel dei som treng hjelp og støtte, og ulike hjelpemiddel for å vere meir aktive i naturen.

Asle Sande frå NAV Hjelpemiddelsentral ønskjer at flest mogleg skal vite at sentralen har mykje utstyr som står til disposisjon for folk med fysisk eller psykisk funksjonshemming. Det er ofte dyrt utstyr, som kan lånast ut heilt gratis.

Etter kort innføring om gjeldande regelverk og bruk av dei ulike hjelpemidla, var det fritt fram for fart og leik i bakken.

Stein Erik Øvrebø frå NFU Sogn og Fjordane (Norsk forbund for utviklingshemma) var begeistra:

- Dette er eit fantastisk tiltak som endå fleire må delta på! Vi må gjere Vinterleikane kjent ut i heile fylket.

Artikkelen er skriven av deltakar Ida Solheim i samarbeid med frilansjournalist Oddrun Midtbø.