Geir K. Resaland har fått professoropprykk

Geir K. Resaland har leia fleire større intervensjonsstudiar og publisert 33 fagfellevurderte artiklar i internasjonale tidsskrift. 17 av desse er på nivå to. No har han fått opprykk til professor.

Professor Geir K. Resaland har sidan 2001 arbeida ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Han er tilsett ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag og med i forskingsgruppene Fysisk aktivitet og folkehelse, og Folkehelse, livsstil og overvekt.

Kva forskar du på?

– Forskingsfeltet mitt er i hovudsak skulebaserte intervensjonar i form av fysisk aktivitet som undersøker endring i helse- og læringsvariablar.

Korleis begynte din forskarkarriere?

– Eg starta mi forskarkarriere i år 2000 då eg var tre månadar i USA og deltok som forskar på eit større forskingsprosjekt som undersøkte trening i høgda. Eg har utdanninga mi frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norges idrettshøgskole, og disputerte for doktorgraden med tema fysisk aktivitet i skolen i eit førebyggande folkehelseperspektiv ved Norges idrettshøgskole i 2010.

Kan du trekke frem eit eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

– Eg var prosjektkoordinator for Active Smarter Kids prosjektet, ein klynge-randomisert studie som inkluderte 1150 femteklassingar frå Sogn og Fjordane. Prosjektet gjekk ut på at halvparten av elevane gjennomførte 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag. Prosjektet lev vidare som ASK follow-up, der vi føl opp skulane som var med.

Frå august skal eg leie Senter for fysisk aktiv læring som gjennom skulebasert kompetanseutvikling i partnarskap med rektorar og lærarar skal utvikle kompetanse, verktøy og metodar for fysisk aktivitet som ein didaktisk metode i skulefaga. Senteret vil dermed kunne bidra til at elevar får ein meir aktiv, praktisk og variert skuledag. Eg vil gjerne takke Gjensidigestiftelsen som har bidrege med midlar slik at vi kan starte senteret.

Dersom du fekk frie tøylar, ubegrensa med midlar og tid – kva ville du forska på då? 

– Dette er jo den store draumen! Eg ville samla alle gode medspelarar, både forskarar og praktikarar, både nasjonalt og internasjonalt, og brukt god tid på å designe og forankre det «optimale» utviklings- og forskingsprosjektet for fysisk aktivitet i skulen.

Eit slik optimalt prosjekt kan ikkje berre vere ei kortvarig affære, det vil krevje eit langt tidsperspektiv. Det å gjennomføre intervensjonar i skulen er krevjande fordi skulekvardagen til lærarar og elevar ikkje er noko «laboratorium» der ein kan kontrollere alle variablar – og som forskar i komplekse system må ein forhalde seg til at er mange forhold ein ikkje rår over.

Det er òg slik at dei variablane vi forskar på i skulen, som helsa, livskvaliteten eller skuleprestasjon til elevar, blir påverka av mange faktorar. Det krev at når ein først skal gjere slike FoU-prosjekt, må ein undersøke korleis mange variablar endrar seg.

Det vi veit i dag er at ein meir aktiv skulekvardag ikkje ser ut til å påverke helsa eller skuleprestasjonen negativt til elevane, og at nokre elevar har ei positiv utvikling i helsa og skuleprestasjonar dersom dei får ein meir aktiv og praktisk skuledag. Men det er framleis mange lause trådar i dette kunnskapsfeltet, og det er derfor eit stort behov for gode studiar i framtida.

Vi gratulerer med opprykket!