Hjernen er sjefen!

- Når vi trenar, kan vi velje å oversjå at musklane er slitne, seier Christian Frøyd. Forskinga hans utfordrar grunnleggande idear i norsk idrett.

Av Idun A. Husabø, forskingsformidlar ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi har alle sett det i målområda for dei store meisterskapa: Når langrennsheltane nærmar seg målområdet i flokk, dyvåte og ville i blikket, medan folkemengda jublar, og nokon i teten plutseleg maktar å bryte ut, lange ut og jage mot målstreken akkurat litt raskare enn dei andre. Kvar hentar dei desse superkreftene etter eit langt og krevjande løp?

Hjernen gir deg ekstra krefter

Utøvarar som gir gass før målstreken gjer noko svært interessant, forklarer Christian Frøyd, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, som i 2016 publiserte funna sine i Medicine & Science in Sports & Exercise. Sjølv om musklane skrik til dei om trøyttheit, smerter og stivheit, maktar utøvarane likevel å presse dei til å jobbe meir. For det er i hovudsak hjernen vår som bestemmer – ikkje musklane, hevdar forskaren.

– Hjernen sin kommunikasjon med musklane har ein avgjerande verknad på prestasjonane våre, understrekar Frøyd.

Ueinig med norske forskarar

I norsk idrettsforsking er dette ein uvant tanke. Her finst det nemleg ei nokså solid førestilling om at det er ei grense for kva hjarte- og skjelettmusklane våre kan yte, og at det er nettopp i musklane terskelen finst. Argumenta handlar om oksygenopptak og om ein mjølkesyreterskel.

– Etter mi meining undervurderer mange norske forskarar den rolla hjernen spelar når vi trenar, seier Frøyd.

Målte kor mykje som var att

I studien hans var tolv langdistanseutøvarar med i ein serie forsøk på ein lab. Utøvarane hadde ei nokså enkel oppgåve: å sitje med beina i nitti grader, og å svinge det eine beinet framover i sitt eige tempo. Instruksjonen dei fekk, gjekk ut på at dei skulle prestere så godt dei kunne, som i ein uthaldskonkurranse. Når forskaren ropte «stopp!», fekk dei ein liten elektrisk støyt i femoralnerven på framsida av låret.

– Dette gav oss eit mål på kor stor kraft som var att i muskulaturen på ulike tidspunkt i studien. Dermed fekk vi òg innblikk i trøyttheit i muskulaturen og hjernen, forklarer Frøyd. Dei fleste målingane vart gjort i korte pausar mellom beinsvinginga, men òg undervegs i sparket. Utøvarane heldt på i 3 minutt, i 10 minutt og til slutt i 40 minutt. Såpass mange spark kjennest – sjølv hjå dei mest veltrente.

Fann ingen terskel

Forskarane var ute etter å finne den omdiskuterte terskelen eller grensa mange meiner at vi har i fysiologien vår. Men utøvarane dei testa, viste det same mønsteret: Undervegs sparte dei seg litt, men mot slutten, når dei skjønte kor lang tid dei hadde att, tok dei hardare i. Det vesentlege for forskarane var at alle dei testa faktisk greidde å presse seg til kraftige spark mot slutten av økta.

Nett som i langdistanseløp, viser det at sjølv om muskulaturen blir stadig trøyttare utover i løpet, hindrar det ikkje hjernen i å be muskulaturen om å stå på. Snarare tvert om: Hjernen kan overstyre smertesignala frå muskulaturen og auke intensiteten trass i at musklane gir signal om å vere slitne.

– I forsøka fann vi altså ingen spor av ein terskel eller ei kritisk grense for musklane sin innsats, seier Frøyd.

Musklane kan overstyrast

Det forskarane ville med studien, var å vise at når musklane blir slitne, kan dei sende ein stoppordre til hjernen, men at hjernen kan la vere å lytte.

– Signala kan heilt klart overstyrast med tankane, seier forskaren.

For dei som har planlagt ein joggetur eller ei hard treningsøkt, er det altså viktig å innsjå at det er hjernen som er sjefen. Viss du har som mål å presse deg sjølv, skal du kanskje lytte litt mindre til kroppen din, i staden for meir.

– Sjølv om du blir trøyttare og trøyttare, betyr det ikkje at du er nøydd til å gi deg. Du kan halde fram med å presse deg viss du berre har tru på det, seier Frøyd.

 

Referanse: Frøyd, Christian; Beltrami, Fernando G.; Millet, Guillaume Y.; Noakes, Timothy D. Central Regulation and Neuromuscular Fatigue during Exercise of Different Durations. Medicine & Science in Sports & Exercise 2016 ; Volum 48.(6) s. 1024-1032