HVL gir tilbod til studentar om hurtigtestar

Frå torsdag 19. august tilbyr HVL sjølvtesting for Covid-19 med hurtigtestar ved alle fem campusar. Tilbodet er for studentar ved HVL.

Sjølvtestinga er enkel å gjennomføre, men HVL vil likevel, i ein avgrensa periode, gje tilbod om fysisk rettleiing for dei som måtte ønskje det. HVL sin bedriftshelseteneste vil her hjelpe til.

Tilgjengeleg i servicetorga

Hurtigtestane vil bli levert ut frå servicetorga på campus.

– Der vil ein òg få med ei skriftleg rettleiing med QR-kode til ei nettside som inneheld ein god instruksjonsvideo på norsk med teksting på engelsk.

– Servicetorga våre vil ha oversikt over kva rom som vert nytta på kvar campus.

– Så langt har vi fått levert eit avgrensa tal testar. Desse er fordelt til alle dei fem campusane våre ut ifrå talet på studentar.

– Vi vil difor i første omgang dele ut ein pose med to testar i kvar. Så snart vi får tilgang til fleire testar, vil desse klargjerast for utdeling, seier rektor Gunnar Yttri.

God rettleiing

Dersom ein ønskjer rettleiing første gang ein skal gjennomføre sjølvtesten, så vil det vere eit tilbod om dette på kvar campus frå torsdag 19. august og ut neste veke.

– Dette tilbodet om rettleiing vil i utgangspunktet vere på campus klokka 10.00-15.00 kvar dag. Bedriftshelsetenesta vil starte ein ny gjennomgang kvar heile og halve time. Det er inga «timebestilling», så her må ein møte opp og stille seg i kø. Så hugs god køkultur og avstand.

Er du trygg på korleis du testar deg, kan du óg ta testen med deg heim og gjere den der. Du vil trenge 20–25 minutt for å gjennomføre heile testen.

Låg terskel for testing

Yttri minnar om at viss ein testar positiv på hurtigtest så skal ein ta på munnbind, forlate campus, isolere seg og oppsøke kommunen sin ordinære teststasjon.

– Hurtigtest erstattar ikkje ordinære testar. Har du kjende symptom på Covid-19, så skal du halde deg vekke frå campus og oppsøke kommunen si ordinære testing. Vi oppmodar tilsette og studentar til å ha låg terskel for testing.

– Og vi oppmodar tilsette og studentar om å følgje styresmaktene sine råd om vaksinering, avsluttar Yttri.

Her finn du meir informasjon om smittevern ved HVL og vaksinering der du studerer.