Kven fortener pris?

Det nærmar seg utdeling av språkprisen, utdanningskvalitetsprisen og likestilling, inkludering- og mangfaldsprisen ved HVL. Kven ønsker du å nominere?

Studentar ved HVL kan nominere sine kandidatar til prisane. I denne saka kan du lese meir om prisane og korleis du går fram.

Likestilling, mangfald og inkluderingsprisen (LIM-prisen)

LIM-prisen blir delt ut til fagmiljø, enkeltpersonar eller studentar ved høgskulen som har gjort ein merkbar innsats for å setje i verk gode tiltak og aktivitetar som fremjar og synleggjer arbeidet innan likestilling, inkludering og mangfald. 

Grunngje nominasjonen etter kriteria i statuttane. Nominasjonen skal være på maksimalt ei A4-side. Send den på e-post til post@hvl.no og merk emnefeltet med "Nominasjon til LIM-prisen 2025". Frist for å nominere er 4. november.

Utdanningskvalitetsprisen

Utdanningskvalitetsprisen blir delt ut kvart år og er ei anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle utdanningskvaliteten innan eit fagområde eller eit studium ved HVL.

Prisen består av ein pengesum på 75.000 kroner og ein diplom. Prispengane skal brukast til tiltak som fremjar kvaliteten i undervisning og læringsarbeid, og kjem i tillegg til andre midlar. 

Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan føreslå kandidatar.

Sidan fristen for nominasjonar gjekk ut 15. oktober, er det ikkje lenger mogleg å nominere kandidatar til denne prisen. 

Språkprisen 

HVL sin språkpris er oppretta for å stimulere og gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar ved HVL som har utmerkt seg i arbeidet med norsk fagspråk. Ved tildelinga av prisen skal eit godt, klart språk, i tråd med dei språkpolitiske retningslinjene til HVL, vektleggast.

Prisen er på 25 000 kroner. Midlane skal nyttast til vidare arbeid med språk og formidling. 

Alle tilsette og studentar ved høgskulen kan foreslå kandidatar. Framlegg må vere grunngjevne i samsvar med statuttane.

Sidan fristen for nominasjonar gjekk ut 24. oktober, er det ikkje lenger mogleg å nominere kandidatar til denne prisen. 

PS: Utdeling av HVL-prisane vil skje 27. november.