Kan du bidra i pandemien?

Mange kommunar har behov for studentar og tilsette som kan bidra i pandemien. HVL legg no til rette for å formidle desse behova. Samstundes arbeider Regjeringa med å mobilisere helsefagstudentar til å hjelpe til i vaksineringa i romjula og fram til studiestart over nyttår.

– Smittetrykket gjer at kommunar, sjukehus og andre samarbeidspartnar er under press og har trong for meir arbeidskraft og personell.

– Vi legg no til rette for at kommunar og helseføretak kan få legga sine ut sine stillingsannonsar og behov på ein nettside som vert fortlaupande oppdatert, fortel dekan Randi Skår ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved HVL.

Sjå nettsida med utlysingar.

Stort behov

Ho seier at mange kommunar og sjukehus har tatt kontakt med HVL den siste tida kor behovet for meir arbeidskraft har vore tema.

– Vi har eit stort samarbeid over heile Vestlandet og mange studentar og tilsette bidreg godt allereie. Det set kommunar og sjukehus stor pris på.

– Så er det framleis eit stort behov som vi no ønskjer å bidra til å avhjelpe og støtte opp under.

Hasteoppdrag frå Regjeringa

Skår fortel at det òg er kome eit hasteoppdrag frå Regjeringa om å mobilisere helsefagstudentar til å hjelpe til med vaksineringa i romjula og fram til studiestart over nyttår.

Dei aktuelle studentgruppene ved HVL er tredjeårsstudentar ved studieprogramma:

  • Sjukepleie
  • Vernepleie
  • Radiograf
  • Bioingeniør

Randi Skår fortel at Unit (Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking) no jobbar med å framskaffe ei oversikt over studentar som kan gi samtykke til å bli meldt inn i helsepersonellregisteret med søknad om lisens for å setje vaksinar.

– UNIT sender ut meir informasjon om dette på SMS til aktuelle studentar, seier ho.