Kari Dyregrov utnemnt til Ridder 1. klasse

24. april blei Kari Dyregrov, professor emerita ved Høgskulen på Vestlandet, utnemnt til Ridder 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.

Dyregrov fekk utmerkinga fyrst og fremst for sitt arbeid og engasjement for etterlatte ved sjølvmord. I nærare 30 år har ho forska og formidla kunnskap om den krevjande situasjonen som mange etterlatte ved sjølvmord står i.

Statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete, stod for overrekkinga.

- Dette er ei belønning for utmerka teneste for Noreg og menneskeheita. Når ein ser på alt du har gjort, både offentleg og privat, men ikkje minst for alle dei som har mista ein av sine kjære, så kan ein absolutt seie at du har tent Noreg og menneskeheita, sa Navarsete da ho overrekte ordenen på eit arrangement på Høgskulen på Vestlandet.

- Det er overveldande og fantastisk. Eg er både rørt og utruleg takksam. Dette er stort, sa Kari Dyregrov om utmerkinga.

Kari Dyregrov byrja å jobba ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) i 2016, som professor ved institutt for velferd og deltaking, Fakultet for helse- og sosialvitskap. Frå august 2021 har ho vore tilsett som professor emerita. 

Rektor ved HVL, Gunnar Yttri, gratulerte Dyregrov på vegne av høgskulen.

- Di forsking og di formidling av kunnskap om unaturleg død har gjort ein stor skilnad. For enkeltmenneske, for utsette grupper og for det norske samfunnet. Innsatsen din er imponerande og utmerkinga høgst fortent, sa Yttri under markeringa.

Bilete: Rektor Gunnar Yttri gratulerte Dyregrov med utnemninga på vegne av Høgskulen på Vestlandet.

Vil hjelpe menneske i livskrise

Arbeidet til Dyregrov strekkjer seg langt utover forsking på etterlatte ved sjølvmord. Ein raud tråd gjennom heile karriera har vore forsking og formidling av kunnskap om utsette og sårbare grupper.

Ho har blant anna forska på etterlatte ved plutseleg spedbarnsdød, ulykker, terroråtak og narkotikarelatert død.

Dyregrov bidrog i oppfølginga av overlevande, pårørande og etterlatte etter terrorangrepet på Utøya og i oppfølginga av flyktningar etter borgarkrigen på Balkan.

Ho er oppteken av å hjelpe menneske i livskrise.

- Ein kan seie at min innsats handlar om forsking og formidling av kunnskap om etterlatte ved unaturleg død. Dette er menneske som vert ramma av livets mest alvorlege katastrofar. Eg ynskjer at dei skal bli i stand til å leve vidare, seier Dyregrov.

Sterke møter med etterlatte 

Det har blitt mange nære møter med etterlatte gjennom karriera. 

- Eg har alltid gjort dybdeintervju, tillegg til spørreskjema og dokumentanalyser, i forskingsprosjekta mine. Eg har reist rundt i heile Noreg, og vært heime hos mange. Det som rører aller mest er små barn som har mista foreldre eller søsken, men og dei mange knuste foreldra. Det er sterkt å sitje på guterommet med foreldre som har mista eit barn i sjølvmord, seier Dyregrov.

- Eg har mange konkrete møter på netthinna, der eg kan sjå for meg kvar vi satt og kva me åt. Ein kjem veldig nært på. Nokon viste meg private dagbøker ingen andre hadde sett før, mens andre tok meg med på grava. Eg er svært takksam overfor alle som har vore med og bidratt til forskinga, seier ho.

På HVL har Dyregrov utvikla og leia eit stort forskingsprosjekt om etterlatte ved narkotikarelatert død, END- prosjektet. Prosjektet starta opp i 2017, og her forskar ein på kva konsekvensar og belastningar narkotikadødsfall har for nære etterlatte, korleis dei meistrar kvardagen og kva støtte dei får.

- Eg er svært takksam for at HVL ga meg moglegheita til å utvikle og leia END- prosjektet. Dei har lagt til rette, gitt meg spelerom og latt meg jobba med det eg er best på. Det har vore flott å få jobba med gode kollegar på HVL og avslutta karriera mi her, seier Dyregrov.

Bilete: Kari Dyregrov under markeringa på Høgskulen på Vestlandet, der ho blei utnemnt til Ridder 1. klasse av den Kongelege Norske St. Olavs Orden. 

Bygd opp forskingsavdelinga ved Senter for krisepsykologi

Dyregrov bygga opp og leia forskingsavdelinga ved Senter for krisepsykologi frå 1995–2016. Parallelt med dette, jobba ho i åtte år med forsking på sjølvmord på Avdeling for psykisk helse ved Folkehelseinstituttet (2005–2014).

For å bidra til at ny kunnskap blir tatt i bruk i helsetenesta, har Dyregrov delteke i arbeidet med fleire av Helsedirektoratet sine rettleiarar og strategiar.

Ho har også gitt ut 15 bøker om sorg, meistring av sorg, og hjelp og støtte ved brå død, i tillegg til bidrag i enda fleire. Ho har publisert svært mange vitskaplege publikasjonar, berre dei tre siste åra rundt 50 publikasjonar.

- Jobben har blitt en livsstil og har vore det i tretti år. Eg har alltid synes at faget har vore spennande og det har gitt meg mykje å jobbe fagleg, men samtidig har eg alltid satt familen fyrst. Det har eg fått inn med t-skjei, seier Dyregrov.

Bilete: Kari Dyregrov saman med ektemannen Atle Dyregrov under markeringa på Høgskulen på Vestlandet.

Kan kome positive ting ut av vonde opplevingar

Ei personleg oppleving gjorde at ho ynskte å vite meir om etterlatte ved unaturleg død, kva dei går gjennom og støtteapparatet rundt.

- Foreldra mine mista sitt fyrste barn, og min eldre bror, i plutseleg spedbarnsdød. Det gjorde meg nysgjerrig på dette feltet. Samtidig veit eg at det og kan kome positive ting ut av ei slik oppleving, såkalla posttraumatisk vekst. Menneske som opplever livskriser som dette veit kva som er det viktigaste i livet, og det er ikkje materielle ting. Mor og far sette alltid familien først, seier Dyregrov.

Ho fortel at sjølv om det eldste barnet i familien ikkje lenger var i live, var han alltid inkludert og med dei på ein naturleg måte.

- På bryllaupsdagen ga far alltid fem raude roser til mor. Eit for kvart born, inklusiv han som døydde. Eg tenkjer at mor og far gjorde mykje riktig, også overfor oss søsken. Dei inkluderte han alltid, men på ein udramatisk måte for oss barna, seier ho.

Mange bagatelliserte sorg – no er det ein diagnose

Dyregrov byrja å forska på etterlatte ved sjølvmord på midten av 1990- talet. På den tida var det knyta mykje stigma til sjølvmord. Mange etterlatte følte skam og skyld, noko som gjorde sorga enda meir komplisert.

- Spesielt då eg jobba ved Senter for krisepsykologi, skjønte eg at det blei gjort lite for etterlatte ved sjølvmord. Det var sterke fagstemmer som bagatelliserte sorg knyta til brå død. Haldningane var at det ofte løyste seg ved hjelp av nettverket, men eg såg jo at det ofte ikkje var tilfelle. Mange hadde heller ikkje eit nettverk å lene seg på, seier Dyregrov.

- Eg tenkte at her må vi gjera meir, og at vi må dokumentera at det faktisk ikkje er slik som mange tenkjer. At sorga som ein del kjenner på kan bli komplisert og forringe mulighetene til å ta livet videre på en god måte. For mange er det avgjerande å få profesjonell og spesifikk hjelp. Det var eit veldig meiningsfylt arbeid, seier ho.

Dyregrov har både forska på å forstå prosessen som fører fram mot sjølvmord, og å forstå situasjonen til dei som står tilbake etter eit sjølvmord. Ho har spesialisert seg på sorg og støtteapparatet rundt etterlatte.

I dag er komplisert sorg blitt ein diagnose. Det skjedde i 2018 då WHO avgjorde at forlenga sorgforstyrrelse skulle inkluderast i diagnosesystemet.

Tok initiativ til LEVE

Erfaringane som Dyregrov gjorde seg i arbeidet med sjølvmord, gjorde at ho i 1999 tok initiativ til å starte LEVE, ein interesseorganisasjon for etterlatte ved sjølvmord.

- Eg er stolt over det vi har fått til med LEVE. LEVE har vore eit talerøyr for etterlatte inn mot politikarar og sentrale myndigheiter. Deira arbeid med likepersonstøtte har og vore svært viktig. At etterlatte får møte andre som har vore gjennom det same og få støtte frå nokon som verkeleg forstår kva ein går gjennom, er viktig. Det gir håp om at det er eit liv etter det vonde, seier Dyregrov.

I dag er stigma rundt sjølvmord bygga kraftig ned i Noreg samanlikna med korleis det var for tjue år sidan. LEVE har også vore viktig i dette arbeidet.

- Det er fleire grunnar til at samfunnet ser annleis på sjølvmord og dei etterlatte i dag. Ein grunn er at me har fått meir kunnskap om kva som fører fram mot sjølvmord, og at det er svært samansett og komplekst. Ein annan grunn er meir openheit. Det har LEVE og etterlatte som har vore opne om sitt tap bidratt til, seier ho.

Jobbar med ny foreining for etterlatte

I dag er Dyregrov sterkt engasjert i etterlatte ved narkotikarelatert død sin situasjon, og den stigma, skam og skyld som mange opplever. Ho sit i interimstyre og jobbar for ei foreining for etterlatte ved rusrelatert død.

- Ein kan på mange måter seie at haldningane til narkotikarelatert død er der sjølvmordsfeltet var for tjue år sidan. Men eg trur ikkje det vil ta tjue år å endre haldningar på narkotikafeltet. Det har allereie skjedd store haldningsendringar i befolkninga, hos fagfolk og hos sentrale myndigheter. Det er og blitt meir openheit. Eg håpar at END- prosjektet skal bidra til betre tenester og betre livskvalitet for denne gruppa etterlatte, avsluttar Dyregrov.