Klare til å profilere HVL

Rekrutteringa av nye studentar til HVL er i gong. Sjå nøye på denne gjengen. Dei er nokre av studentambassadørane våre som skal marknadsføre Høgskulen på Vestlandet denne våren.

– Magefølelsen er god, seier Heidi Sofie Gommerud. – Vi er ein god gjeng som har ulike måtar å presentere HVL på, seier Trine Rygg.

4. januar brakar det laus med dei første møta med vidaregåande skular der ambassadørane skal presentere Høgskulen på Vestlandet og kva studiar institusjonen har å tilby.

HVL på 30 minutt

På 30 minutt skal studentane presentere høgskulen sitt faglege tilbod. Det er mykje informasjon ein skal igjennom på kort tid. Seks fagområde er plukka ut som studentane skal fortelje om. Fagområda er helse- og sosialfag, idrett, friluftsliv og folkehelse, ingeniør og maritime fag, lærar- og musikkutdanning, natur- og samfunnsfag og økonomi og leiing.

– Vi kan ikkje seie noko om alle studieretningane, men under skulebesøka opnar vi opp for å svare på spørsmål. Og dersom gruppene ikkje er så store opnar vi sjølvsagt opp for å fortelje om studietilboda ungdommane er opptatt av, seier Trine Rygg som er student på Stord.

Gi informasjon som ungdom forstår

– Vi skal presentere det faglege tilbodet på ein forståeleg måte for målgruppa. Gir vi informasjon som ungdommane forstår blir det lettare for dei når dei skal bestemme seg for kva dei skal studere, seier Heidi Sofie.

– Det er veldig bra at vi har ulike utdanningsbakgrunnar og kan lære av kvarandre, og få eksempel av kvarandre, seier Trine.

Alle studentambassadørane skal formidle heile breidda i studietilbodet til Høgskulen på Vestlandet.

Kva er ungdommane interesserte i?

Unni Beite Rogvin ved Opptakskontoret i Bergen rettleier ambassadørane under generalprøven før dei skal ut i elden på skulebesøk og utdanningsmesser.

Diskusjonen går om kva ungdommane kan komme til å spørje ambassadørane om.

– Tilbakemeldingane frå tidlegare år viser at ungdommane er veldig interesserte i fakta. Dei ønsker meir informasjon om dei ulike utdanningane dei tenker å studere, seier Rogvin.

Ambassadør Stian Sunde seier at mange ungdommar også lurer på praktiske spørsmål som: Korleis kommer eg meg til studiestaden? Korleis finn eg plass å bu? Korleis finn eg venner?

Rogvin supplerer at mange ungdommar er opptatt av korleis det er å flytte til ein ny stad, og seier det er viktig å fortelje om det gode studiemiljøet på studiestadane.

Kor går turen?

Studentambassadørane blir delt inn i ulike grupper som skal representere HVL på skulebesøk i fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møte og Romsdal og Oppland og Buskerud. I tillegg skal ambassadørane vere representerte på dei store utdanningsmessene.

  • Lillestrøm 9.-10. januar
  • Tysvær 17.-18. januar
  • Suldal 18. januar
  • Sandefjord 19.-20. januar
  • Stavanger 24.-25. januar
  • Stord 25.-26. januar
  • Bergen 26.-27. januar
  • Haugesund 1. februar
  • Trondheim 2.-3. februar
  • Oslo 15.-16. februar

Men det ambassadørane skal gjere aller mest er å reise på skulebesøk på vidaregåande skular.

Kvifor studentambassadør?

– Eg hugsar sjølv korleis det var då eg gjekk på vidaregåande skule og følte at eg ikkje hadde peiling på kva eg skulle bli. Då er det kjekt å vere med å informere og vise ungdommane kva muligheiter dei har og på den måten gjere det enklare for dei å ta eit val, seier Steffen.

– Eg gler meg til å selje inn Vestlandet, og alt landsdelen har å by på, seier Caroline. Ho vil vise ungdommane alle muligheitene dei har ved å studere på Vestlandet, og at dei kan velje storby eller mindre stadar. Sjølv valde ho å reise til ein mindre plass for å studere, og har lyst til å fortelje ungdommane om fordelane ved det.

– Oppdraget er spennande, sidan HVL har ei slik breidde, seier Heidi Sofie.

– Og så er det jo litt kjekt å vere dei første ambassadørane til HVL, innrømmer Trine Rygg.