Mange vil til HVL

Den store breidda i utdanningstilbodet vårt slår an blant dei unge, og søkjartala frå årets hovudopptak ved HVL er gode.

Helsefaga er dei mest populære, men også læraryrket og ingeniørutdanning freistar mange unge. 

Attraktiv lærarutdanning

Tilstrøyminga av studentar er på linje med det dei tidlegare høgskulane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane hadde. I fusjonsåret 2017 har høgskulen for første gong eit felles opptak av studentar, og rektor Berit Rokne er godt nøgd med resultatet.

– Spesielt er vi nøgde med at lærarutdanninga vår er attraktiv. Vi har den største lærarutdanninga i landet, og den blir frå i år ei femårig masterutdanning. I denne krevjande omlegginga ser vi heldigvis at det er god interesse for spesielt lærarutdanning for 5.-10. klasse, og at søking til fag som matematikk, norsk, engelsk og samfunnsfag er god. Dette er i tråd med nasjonale mål om satsing på basisfaga i skulen. Inntakskravet for våre studentar til desse studia er på linje med dei vi samanliknar oss med nasjonalt. Det tolkar eg som at utdanningane våre er vel så populære etter fusjonen som før, og at vi har høg inntakskvalitet. Det er svært positivt, seier Rokne.

Lange ventelister

Talet på søkjarar til utdanning i sosialt arbeid, også kjend som sosionomutdanninga, har auka frå i fjor til i år. Bioingeniørstudiet er det også vanskeleg å komme inn på i år.

Sjukepleiarutdanninga står som vanleg høgt i kurs blant søkjarane, og her har nålauget blitt trongare og poenggrensa gått opp. Det skaper lange ventelister til dei fem studiestadene våre. Ventelister er det også på alle studiestadene som tilbyr utdanning i økonomi og administrasjon.

Sidan nedgangen i aktiviteten til petroleumsindustrien har det vore eit fall i talet på søkjarar til dei ingeniørfaga som tradisjonelt har vore knytt til denne industrien. Det blir stadfesta av søkjartala i år. Likevel er det fleire andre ingeniørfag som er populære, blant anna er det god søking til byggfag og data. For sistnemnde er det fleire som får tilbod enn det var i fjor, då det er tildelt fleire studieplassar til dette studiet.

Høgt kvalifiserte søkjarar

– Høgskulen på Vestlandet utdannar til yrke som samfunnet etterspør, og som det er stor bruk for både i offentleg og privat sektor. Vi legg vekt på høg kvalitet i utdanningstilboda våre. Det er difor gledeleg å sjå at så mange høgt kvalifiserte søkjarar vil satse på desse utdanningane. Det stiller krav til oss og er med på å styrke utdanningane, og medfører at kandidatane frå oss blir attraktive på arbeidsmarknaden, avsluttar rektor Berit Rokne.

Nokre få ledige studieplassar

Sjølv om vi har gode søkjartal, er det enno mogleg å bli student hos oss. Vi har nokre ledige studieplassar på enkelte studium (velg Høgskulen på Vestlandet som institusjon i menyvalet institusjon). Desse kan søkast på gjennom Samordna opptak frå 20. juli kl. 09.00. 

Pressemelding frå Samordna opptak om hovudopptaket til høgare utdanning 2017.