Mellombels plassering av senter

Dei eksisterande sentera er no plassert mellombels i den nye linja. Vidare skal senterstrukturen sjåast i samband med strategiprosessen.

I samråd med strategisk leiargruppe er sentera blitt mellombels plasserte i den nye organisasjonen, slik at dei har ein plassering fram til ein har grunnlag for å vedta ein endeleg senterstruktur.

Arbeidet med å etablere endeleg senterstruktur i HVL skal vidare sjåast på i samanheng med strategiprosessen, slik at dei overordna rammene for senterstruktur også ivaretek dei strategiske satsingane til høgskulen. 

I førebuinga til dette arbeidet har det blitt samla inn grunnlagsmateriale frå dei ulike sentera og materialet er blitt systematisert. Vidare vil rektor prøve å få i stand møte med senterleiinga for dei enkelte sentera før jul, som ledd i å få eit godt grunnlag for den vidare strategiprosessen.

Sjå mellombels plassering i HVL for senter ved tidlegare HiB, HiSF og HSH. 

  • Følg organisasjonsutviklingsarbeidet på hvl.no/ou. Her kan du også melde deg til vekebrev.