
No kan du nominere kandidatar til HVL sin språkpris
Fristen for å nominere er 17. november
Tidlegare har førsteamanuensis Rune Herheim, rådgivar Katrine Sele og førsteamanuensis Per Eilif Thorvaldsen og emerita Aslaug Nyrnes og professor Eli Bjørhusdal vunne språkprisen.
Formidling og godt språk
Språkprisen er ein årleg pris som skal stimulere og gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar ved HVL som har gjort ein systematisk innsats for å jobbe med formidling og norsk fagspråk. Prisen er på 25.000 kroner.
I statuttane til språkprisen står det også at sterk fagleg formidling og eit godt, klart språk, i tråd med dei språkpolitiske retningslinjene til HVL, skal vektleggast ved tildeling av prisen.
Språkpolitisk utval har ansvar for høgskulen sin språkpolitikk, og er jury for språkprisen.
Språkdag i desember
6. desember blir HVL sin språkdag arrangert for tredje gong. Arrangementet er digitalt, og årets tema er "inkluderande språkbruk".