Ny app hjelper lærarstudentar

Å vera lærar er kjekt, meiningsfylt, hektisk og somme tider krevjande. På campus Stord har ein no utvikla ein ny app som gir lærarstudentar god hjelp og masse læring i å vera lærar for ein dag.

I over eitt år har førstelektor Anders Grov Nilsen ved IKT i læringsmiljøet på campus Stord jobba med å utvikla app-en. Saman med gode kollegaer i pedagogikkfaget og flinke praksislærarar er resultatet no klart.

Denne veka lanserte dei app-en på Leirvik skule og Stord ungdomsskule.

- Appen tar for seg ulike situasjonar du som lærar kan møta i klasserommet. Me har laga tre historiar kor du som lærar må ta aktive og gode val undervegs, fortel Anders.

I botn for app-en ligg emnet Pedagogikk og elevkunnskap og korleis ein kan jobba med det heilskaplege læringsmiljøet.

Den ferske læringsressursen er i hovudsak mynta på lærarstudentar.

- Her får dei øva, testa ut og høve til å reflektera og læra. Fagstoff er kopla opp, og dei kan bruka app-en både når dei er på campus og utanom campus.

Akkurat det er eit viktig poeng.

- Dei kan bruke den åleine, i lag med andre studentar eller saman med lærarutdannarar og praksislærarar. Moglegheitene er mange.



Anders Grov Nilsen fortel at det ligg mykje arbeid bak. Her har ein laga tre historiar, ein har kopla på praksisskular og elevar, og ein har knytta alt opp mot pensum og forsking.

- Det ligg mykje i sjølve app-en av både kunnskap og kompetanse, og ikkje minst moglegheiter. Dei som tar app-en i bruk vil merka seg at ein får ulike val og forslag til løysingar, og det er noko me har vore medvetne på.

- Erfaringane våre i frå folk som har prøvd ut app-en viser at ikkje alle er einige  i alle val og løysingar ein blir utfordra på undervegs i historiane. Det er berre bra. Me ønskjer å setja i gang tankar og refleksjonar hos alle som tar app-en i bruk.

- Det å analysera, kopla på eigne erfaringar og reflektera i lag, er noko av det me ønskjer å oppnå.

Høgskulelektorane Jorunn Høyland og Else Karen Vikanes Bjelland fortel at dei så vidt har testa app-en ut mot eigne lærarstudentar. Responsen er god.

- Mange tykkjer den er spennande og lett tilgjengeleg, og den har historiar frå både barneskule og ungdomsskule.

Arbeidsprosessen bak app-en har og vore kreativ og god.

- Me har jobba godt jobba i lag her på HVL og saman med praksisfeltet for å laga historiar som er relevante og aktuelle. I casane har me tema om skjult mobbing, den stille eleven og relasjonleiing i klasserommet.

Prosjektleiar Anders Grov Nilsen håpar at app-en kan vera eit steg mot noko meir.

- Me trur at slike læringsressursar har mykje i seg, og at det bind saman det me kallar on- og off campusaktivitet i våre fleksible lærarutdanningar.

- Kanskje opnar det seg ein moglegheit til å gjera noko meir av dette.

Han fortel at prosjektet er ein del av forskingprogrammet Praksis-Fou, og at det er utvikla i godt samarbeid med lærarutdanninga og NettOp-miljøet ved Universitetet i Stavanger og då med prosjektmidlar frå Norgesuniversitetet.

- Eit slikt samarbeid på tvers av seksjons- og institusjonsgrenser har vore heilt avgjerande i dette prosjektet, poengterer Nilsen.

App-resultatet er å finna gratis både hos Google og Apple.
«Lærar for ein dag» kan lastast ned og sjåast her:

 https://itunes.apple.com/us/app/l%C3%A6rar-for-ein-dag/id1270634676?mt=8

 https://play.google.com/store/apps/details?id=air.no.uis.laererforendag