Ikkje heilt A4

Korleis snakke ope om lærevanskar, utan å stigmatisere den eine eleven i klassen som har det? Ei gruppe studentar frå spesialpedagogikk har eit forslag til skulevesenet.

I løpet av sine år som lærar i vidaregåande skule har Karstein Kollsete opplevd det fleire gonger. Han veit at han som lærar har plikt til å gjere klasserommet til ein stad det skal vere plass til alle. Fleirtalet har føresetnadene til å kunne følgje med på undervisninga hans, men så kjem den eine eleven det året. Eller dei to elevane. Og kva skal han gjere då?

Kanskje har dei ADHD eller dysleksi. Eller kanskje har dei flyktningbakgrunn, og slit med språket eller med traumar. Som lærar er han klar til å gje dei hjelpemidlar og tilpasse undervisninga slik at dei også er inkluderte og kan følgje med. Men dilemmaet er: Korleis få resten av elevane til å inkludere dei? Og korleis i det heile teke snakke høgt om problemstillinga i klassen?

Ufarleggjering

Svaret til fem studentar på vidareutdanninga i spesialpedagogikk i Sogndal er: del ut ein brosjyre, og snakk om typiske lærevanskar utifrå den. Gjennom prosjektoppgåva si har dei saman utvikla nettopp ein slik brosjyre, og i den har dei omtalt fem av dei mest vanlege lærevanskane som kan dukke opp i eit norsk klasserom:

  • Dysleksi
  • Migrasjonsrelaterte lærevanskar
  • Autismespekter-forstyrringar
  • ADHD
  • ME

 - Av og til ønskjer ikkje eleven med lærevanskar eller foreldra til eleven å snakke om problema. Og det skal dei heller ikkje vere tvinga til, seier Kollsete.

- Med utgangspunkt i ei brosjyre, går det an å snakke om lærevanskar utan å relatere det til ein bestemt person i klassen. Det blir også ein god måte å signalisere: Dette er innafor, dette er noko vi må ta omsyn til i klasserommet.

Tanken er at brosjyren skal delast ut til både elevar i klassen og foreldra deira. Til dømes kan foreldremøte vere eit godt forum til å snakke om lærevanskar, og spreie informasjon om temaet. Slik meiner pedagogikkstudentane at brosjyren kan vere med på å ufarleggjere dette som tema.

Gjenkjenning

Karin Uglum er også med i prosjektgruppa. Sjølv har ho bakgrunn frå barnehagearbeid, og er leiar i Sogn PPT. Dermed veit ho noko om kor viktig det er å motverke stigmatisering i skulesystemet. Eit problem for elevar med lærevanskar, kan vere at andre elevar ikkje forstår eller aksepterer at dei må få tilgang til hjelpemiddel. Difor er informasjon viktig – det er nødvendig å snakke om det, sjølv om det er vanskeleg.

- Dei som jobbar med eleven, skal kunne kjenne igjen denne typen vanskar, og vite litt om det. Det skal også dei andre i kvardagen rundt han eller henne, seier Uglum.

- Vi skal alle kunne lene oss tilbake og føle: Det er heilt greitt å ha det slik. Då må vi berre tilpasse.

Rettleiaren til studentgruppa, dosent Kirsten Flaten, er svært stolt av det studentane hennar har produsert. Dei har jobba mot skulevesenet og vore i kontakt med 25 vidaregåande elevar med ulike typar lærevanskar. Desse har vore med på utforminga av brosjyren. Å forenkle informasjonen og gjere den oversiktleg, har vore krevjande.

- Som verktøy for læraren er dette enkelt, men kraftfullt. Ein verknad av god informasjon om lærevanskar, er at det for eksempel ikkje lenger kjennest så farleg å ha dysleksi. Og kanskje kan nokre også få ei aha-oppleving, og sjå at dei sjølve kan vere råka.

No pønskar gruppa med pedagogikkstudentar på korleis dei kan spreie brosjyren i skulevesenet – i første omgang i Sogn, men sidan, kanskje også til heile landet. Dei har stor tru på informasjon som ein måte å skape ein integrert skule.

 - Når vi snakkar ope om ting, er vi med på å normalisere dei, meiner lærarstudent Lovinda Gilleshammer.