Olav A. Kvitastein har fått opprykk til professor i Business Administration

Kvitastein si forsking rettar seg primært mot fagområda evaluering, innovasjon og entreprenørskap. Han har publisert i ei rekke internasjonalt anerkjente tidsskrift og har delteke i fleire eksternfinansierte forskingsprosjekt.

– Eg set pris på å få professorkompetanse, men mest set eg pris på at forskinga ved HVL vert lagt merke til nasjonalt og internasjonalt. Utan gode samarbeidspartnarar hadde dette ikkje vore mogeleg, seier Kvitastein som har ein doktorgrad frå NHH og har vore tilsett ved Høgskulen på Vestlandet sidan 2013.

Kva forskingsgruppe høyrer du til?

Eg tek del i forskingsgruppa for prosjektet «Drivers of regional economic restructuring: Actors, institutions and policy» Dette er eit større prosjekt ved Mohnsenteret, finansiert av Noregs Forskingsråd. I tillegg er eg aktiv i forsking ved Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL.

Kva forskar du på?

Mi forsking går over fleire forskingsområde. Hovudvekta er statistisk modellering på registerdata og survey-undersøkingar. Eg var tidlegare engasjert i kvantitativ evalueringsforsking, og aktiv innan forsking på leiing ei tid ved Administrativt Forskningsfond (AFF) ved NHH.

No er det mest forsking på grunnlaget for innovasjon og restrukturering av verksemder. Eg har og våre aktiv i samband med BLU – følgeforsking for barnehagelærarutdanninga under leiing av Svein Ole Sataøen ved lærarutdanning og Tom Skauge ved Institutt for økonomi og administrasjon. Dette siste prosjektet er avslutta, men mykje etterarbeid og potensiell oppfølging står att.

Korleis byrja di forskarkarriere?

Som forskar er eg truleg eit produkt av at eg tidleg og tilfeldig valde studiar som var innretta slik at dei sikta mot ei seinare forskarkarriere. Dei fleste samfunnsfaglege studium var innretta slik i mi studietid. Innretting mot praksis var meir unntaket. Min fyrste regulere, akademiske jobb på Universitetet i Bergen innebar førelesningar for over 200 studentar, noko som truleg stimulerte interessa for meir vekt på forsking. Forskarkarrieren starta då eg seinare kom til Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) på Norges Handelshøgskule.

Kan du trekkje fram eitt eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

Prosjektet «Drivers of regional economic restructuring» er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger. Prosjektet inneber handtering av store datamengder og er eit arbeid som byr på store utfordringar, både teknisk og fagleg.

Dersom du fekk uavgrensa med midlar og tid – kva ville du forska på då?

Fekk eg uavgrensa midlar og tid ville eg halda fram med det eg alt gjer, nemleg forsking kring innovasjon og effektar av næringsretta tiltak, både tiltak direkte retta mot næringsutvikling og dei offentlege administrative endringar som i desse tider vert sett i verk.

Dei empiriske metodar vi nyttar i økonomi og samfunnsvitskap er stort sett attendeskodande; tiltak vert sett i verk med gode intensjonar om å nå spesifiserte mål, men utfalla kan berre observerast i ettertid. Ny metodikk for analyser av observasjonsdata og det store tilfanget av registerdata vi disponerer, gir gode tilhøve for å skaffe innsikt om kva tiltak som har lukkast, og kva som har lukkast mindre godt.

Vi gratulerer med opprykket!