Opnar campusane gradvis

Frå tysdag 19. mai opnar HVL campusane sine gradvis for studentar og tilsette.

 Vi opnar kontrollert og gradvis, og på ein trygg og forsvarleg måte i tråd med nasjonale og eigne retningslinjer for smittevern, seier rektor Berit Rokne.

Ho fortel at fleire har ønska å komme tilbake til campusane.

 No har campusane våre vore stengt i ni veker og no opnar me gradvis. Me håper at dette er starten på at me kjem tilbake til ein meir normal kvardag for oss alle.

Rokne understrekar at studentar og tilsette har ansvar for å følge retningslinjene for smittevern til ei kvar tid.

Eigne opningstider for alle campus

Av omsyn til forsterka krav til dagleg reinhald vil alle campus fram til 1. august vere open i tidsrommet kl. 08.0017.00. 

Campus i Møllendalsveien i Bergen er berre open for tilsette. Studentar som treng å hente bøker o.l. vil få høve til å gjere det i veke 21 og veke 22, måndag t.o.m. fredag kl. 08.00 – 15.00. Inngang M8 må nyttast, og ein treng studentkort/adgangskort for å komme inn i bygget.

Studentsamskipnaden Saman vil ikkje ha opne sine tilbod på våre campus fram til sommaren.

Studentar

HVL opnar campusane for studentar som må vere på campus for å oppretthalde progresjon i utdanninga si.

 Me veit óg at ein del studentar har ein krevjande studiesituasjon heime ut frå mange ulike årsaker.

 Me opnar opp for at studentane kan bruke våre grupperom, lesesalar og anna areal. Studentkort må nyttast for å kome inn i bygga.

 Men sjølv om me no gradvis opnar campusane våre så vil all undervisning, rettleiing og eksamen framleis skje digitalt ut vårsemesteret. Det er viktig å understreke.

Tilsette

HVL-campusane blir også opna for dei tilsette frå tysdag 19. mai.

 Me oppmodar alle tilsette som kan om å framleis arbeide heime, men me opnar for at tilsette framover kan arbeide på campus.

Tilsette som vil jobbe på campus må avtale dette med næraste leiar, og har sjølv ansvar for å følgje retningslinjene for smittevern og nærvær på campus.

Tilsette som er i risikogruppa skal arbeide heime.

Særskilt for campus Bergen

Rektor fortel at den pågåande flytteprosessen ved alle campus Bergen sine bygg vil innebere nokre eigne tiltak.

Tilsette som har fått melding om nedpakking og flytting, vil frå 1. juni ikkje ha tilgang til sine kontorarbeidsplassar i campus Bergen sine bygg. Dei vil frå då av ha mogelegheit til å bruke klasserom, møterom, grupperom, kantine og anna opent areal som arbeidsplassar.

Dei som ikkje har fått melding om flytting, kan nytte sine arbeidsplassar som normalt. Det vil vere tilgang for utpakking i dei nye kontorarbeidsplassane i Bergen frå 1. juli.

Også for høgskulen sitt nybygg K2 har HVL gjort grep. Ut i frå smittevernråda og Arbeidstilsynet sitt råd om at tilsette skal ha faste plassar i opne landskap, har HVL vedteke at K2-bygget ikkje skal ha aktivitetsbaserte arbeidsplassar (ABW) hausten 2020. Les meir kva det inneberer i retningslinjene for smittevern.