Positiv søknad til grunnskulelærarutdanninga

Det har vore knytt stor spenning til søkjartala til grunnskulelærarutdanninga som frå hausten av blir 5-årig utdanning. No viser ferske tal frå Samordna opptak at HVL har ein liten auke i søkjartala til grunnskulelærarutdanninga for 1.-7.trinn.

– Det er utruleg gledeleg at vi opplever ein liten oppgang i førsteprioritetssøkjarar til grunnskulelærarutdanninga 1.– 7. trinn , seier rektor Berit Rokne. For oss er dette utruleg positivt.

Den ferske Høgskulen på Vestlandet går dermed imot den nasjonale trenden som viser ein nedgang i søkjartala blant førsteprioritetssøkjarane til grunnskulelærarutdanninga 1.– 7. trinn.

God søking til helsefaga, fleire vil bli sosionom

Høgskulen på Vestlandet opplever veldig god søking til helse og sosialfaga. Særleg er det sosialfaga barnevern og sosialt arbeid som opplever gode søkjartal blant førsteprioritetssøkjarane. Auken er på heile 10 prosent til desse to utdanningane.

Til sosionomstudiet er det mange om beinet. Her er det 5,4 førsteprioritetssøkjarar per studieplass, og studiet peikar seg ut som ein populær kandidat blant helse- og sosialfagsøkjarane.

Svært mange vil også dette året bli sjukepleiarar, sjølv om HVL opplever ein liten nedgang samanlikna med rekordsøknadstala ein opplevde i fjor. Studiet er framleis veldig populært og totalt ved HVL er det 3,5 førsteprioritetssøkjarar per studieplass.

Mange vil bli ingeniør

Mange unge søkjer seg til ingeniørstudiane, men også HVL merkar den nasjonale trenden der færre vil utdanne seg til ingeniør. Det er difor svært positivt at enkelte ingeniørstudium opplever ein oppgang i søkjartala.

Særleg kjemiingeniørstudiet peikar seg ut som ei utdanning som er populær blant søkjarane. Her er det ei dobling i talet på førsteprioritetssøkjarar samanlikna med i fjor.