Soga om Sogn og Fjordane blei overlevert og feira

– Vi må forstå historia vår for å kunne forme framtida, sa fylkesordførar Jenny Følling då ho fekk overrekt fylkessoga frå rektor Berit Rokne.

- Ordet som fyller meg i dag er: Endeleg! Endeleg kan vi levere verket, seks år etter at vi fekk oppdraget frå fylkeskommunen. Vi har leita etter mønster og samanhengar, og vi har gått djupare og grundigare til verks enn nokon har gjort tidlegare, sa Ola Svein Stugu.

Saman med Hans Jacob Orning har han vore redaktør for historieverket i fire band, og tysdag 17. oktober blei det presentert under fylkestingsmøtet i Florø – fylkets første, og lenge einaste, by. Dei fem historikarane som har skrive banda, gjorde eit sveip gjennom historia til fylket, heilt frå isbreane trekte seg tilbake og det byrja å bu folk her, til framveksten av det moderne velferdssamfunnet.

Eit ugjestmildt landskap

Historikarane Harald Krøvel og Harald Endre Tafjord skildra den tidlegaste historia, frå då breane byrja å sleppe taket og i busettingsperioden fram til 1700-talet. For desse første innbyggjarane, handla livet mest om å finne ut korleis ein kunne nytte seg av dette krevjande landskapet med kyst, fjordar og høgfjell.

Landbruket voks fram i stor fart. Kristendommen fekk feste i vikingtida, med Stadlandet som sentralt område for dette, og Selja som det første bispesetet – praktisk, sett ut ifrå at det var ein naturleg stoppestad langs kystlinja, på den tida ein sentral plass. Men opprettinga av kjøpstaden Bergen blei eit stort vendepunkt. Bergen blei raskt eit maktsentrum og ein internasjonal handelsby, noko som gjorde at Sogn og Fjordane fekk ein stadig meir perifer posisjon.

Etter kvart som dei indre strøka blei tettare og tettare busette, blei gardane i Nordfjord og Sunnfjord oppdelte, og det oppstod eit samfunn av likestilte småbruk. Det blei trongt, og ikkje nok å leve av til den veksande befolkninga. Dermed starta ei omfattande og jamn utflytting frå fylket, sidan mange var tvinga til å finne levebrødet sitt andre stader.

Det harde arbeidet

Sogn og Fjordane var del av Bergenhus Amt, men midt på 1700-talet såg amtmann Joachim de Knagenhjelm behovet for å etablere mindre administrative einingar på Vestlandet. Han foreslo å dele Bergenhus Amt i 1762, og alt i 1763 var reforma gjennomført ved delinga i Søndre Bergenhus (seinare Hordaland) og Nordre Bergenhus (seinare Sogn og Fjordane).

- Det var rask sakshandsaming på å etablere nye einingar. Så det går an! sa historikar Jan Anders Timberlid til eit lattermildt fylkesting, som same dagen skulle ha regionreforma opp til ny diskusjon.

Han skildra livet i det førmoderne Sogn og Fjordane, prega av ein stadig kamp for tilveret. I eit fylke der berre tre prosent av jorda let seg dyrke, måtte folk supplere med andre måtar å overleve på. Fiske, stølsbruk og husdyrhald var viktig. Lauving var også ein viktig ressurs. Dette livet, tett på naturen, var prega av hardt fysisk arbeid og fysiske farar – det var faren for å døy på havet, eller dette ned frå trea under lauvinga. Likevel klarte folk seg ganske godt, mellom anna fordi det fanst ein befolkning med husmenn og tenestefolk.

Læraren som lokal høvding

Historikar Oddmund Hoel skildra perioden frå 1875 til 1945. På slutten av 1800-talet hadde Sogn og Fjordane den svakaste kommuneøkonomien i landet, med svært låg pengebruk på slikt som fattigstell, dåtidas velferdsordning. Likevel var det også det fylket i landet som brukte den største delen av budsjettet på skulevesenet. Og her ser Hoel ein av dei viktigaste røtene til det alternative moderniseringsprosjektet som voks fram det neste hundreåret:

- I eit fylke utan store byar og sterke kapitalmiljø, måtte oppgåver løysast på ein annan måte, mellom anna gjennom større offentleg engasjement og dugnadsinnsats. Då fylte myndige lærarar tomrommet, og utøvde leiarskap, sa Hoel.

I staden for eit urbant borgarskap der det private og kapitalen er drivande, skjedde organiseringa av næringslivet frå grasrota. Såkalla tredjesektor-verksemder voks fram – til dømes sparebankar og småkraftlag – forretningsføretak skipa for allmenne formål, heller enn for profitt. Denne småskala-strukturen har prega heile utviklinga av fylket, meiner Hoel.

Lynrask urbanisering

Frå syttitalet og utover skjedde ein annan type vekst. Historikar Hege Roll-Hansen skildra korleis fylket låg på botn når det gjaldt alle mål på modernitet på syttitalet – men dei neste tiåra skulle urbaniseringa skyte fart i eit tempo som overgjekk alle andre stader i landet.

- Mange av dei store stridane handla om fylkets integrasjon i større nasjonale samanhengar. Velstandsveksten skulle komme alle til gode, sa Roll-Hansen.

Kraftutbygging blei sentralt for mykje av utviklinga – etterkrigens strategar såg på industri som nøkkelen til velstandsvekst. Tettstaden Årdal voks fram kring tungindustrien. I Florø var fryseriverksemda viktig – evna til å ta imot fisk. Det tydelegaste eksempelet på tettstadvekst etter krigen er likevel Førde.

Førde blei satsa på frå statleg hald for å demme opp for flukta frå landsbygda. Ein strategisk fordel for tettstaden var den geografiske plasseringa – då rutebussen tok over for rutebåten, låg Førde plutseleg sentralt. Slik fekk fylket ein type urbanitet, med mange større tettstader – men ingen storby.

- Når Sogn og Fjordane tradisjonelt har skåra høgt på fleire sosiale og kulturelle indikatorar, er det fordi vi aldri har hatt noko storbyproblem, sa Stugu.

Roste fylkeskommunen

Fylkestinget løyvde i desember 2010 åtte millionar kroner til arbeidet med fylkessoga. Året etter signerte fylkeskommunen og Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet) avtalen om at høgskulen skulle skrive soga. Rektor for HVL, Berit Rokne, roste fylkeskommunen for samarbeidet med forskarane:

- Det at de bestemte dykk for å satse så tungt på eit historieverk, synst vi som fagfolk er spesielt gledeleg, sa Rokne.

Verket kjem ut på Fagbokforlaget. Mange personar blei nemnde som viktige for gjennomføringa – mellom anna Åshild Kjelsnes og Ingebjørg Erikstad i fylkeskommunen, Gunnar Yttri, tidlegare dekan ved Avdeling for samfunnsfag, og historikar Finn Borgen Førsund.