Kyrkja fremjar helse hjå menneske i sorg

Studentar på sjukepleiarutdanninga på campus Førde har sett på korleis kyrkja har ei viktig rolle i sorgarbeid hjå menneske i krise.

Seremoniane i kyrkja er med på å få i gang ein naturleg sorgprosess hjå pårørande. Fire studentar frå sjukepleiarutdanninga, campus Førde har hatt eit mini forskings- /prosjektarbeid der dei har sett på kyrkja si rolle i sorgarbeid. Studentane Annika Josefine Nygård, Vilde Kløvtveit Sæthre, Benedicte Solhaug Øverland og Ann Kristin Løkkebø fekk mellom anna vere med på gravferd og minnegudsteneste. Før dei gjekk i gang med prosjektet var dei usikre på kva dei kunne forvente av kyrkja sitt helsefremjande arbeid.

- Helsearbeidet som kyrkja utfører er kanskje ikkje så kjent hjå alle. Dermed tenker du ikkje på kor viktig kyrkja er mellom anna i sorgarbeid til den enkelte som har mista nokon, seier studentane.

Eit mangfald av aktivitetar

Studentane fekk delta på meir enn berre sorgarbeid - dei fekk sett eit mangfald i aktivitetar som kyrkja driv. Dei var mellom anna med på ungdomsarbeidet til kyrkja i form av Ten Sing, og dei deltok på aktivitetar for eldre, psykisk utviklingshemma og babysong.

- Vi opplevde at kyrkja har eit sterkt helseperspektiv på arbeidet dei gjer, seier dei fire studentane.

Prosjektet studentane gjorde vart presentert på ein poster på Campus Førde i forrige veke. Alle studentane som går andre året på sjukepleiarutdanninga i Førde har vore på ulike stadar og drive eit lite forskingsprosjekt eller sett i gang eit helsefremjande tiltak. Det var stor variasjon i tema, metode og resultat. Fleire studentar har framheva at det å drive eit lite forskingsprosjekt er både motiverande, utfordrande og spennande.

Ein stad du blir sett

Konklusjonen til studentane er at kyrkja hjelper til både i den praktiske og psykiske prosessen med å ta avskjed med sine kjære. Kyrkja sitt nærvær, respekt og inkludering til godt fellesskap for alle, er eit viktig helsefremjande element. Det er viktig for kyrkja at alle kan føle seg velkomne, og like mykje verdt.

Det som studentane trekkjer fram som suksessen til kyrkja er at den hjelper dei sørgjande med å fokusere på seg sjølv og si eiga sorg. Dermed kan ein få i gang ein naturleg sorgprosess, noko som er naødvendig for oppnå god livskvalitet.