Statsbudsjett som forventa

HVL får ein auke på 98,6 millionar kr i statsbudsjettet. – Det som gler meg mest er at vi får ekstra middel til innføringa av den nye lærarutdanninga også i 2018, seier rektor Berit Rokne.

Om lag halvparten av auken i rammeløyvinga er kompensasjon for pris- og lønsvekst. Ein stor del av den øvrige veksten skuldast heilårleg finansiering av dei studieplassane og stipendiatstillingane HVL har fått tidlegare.

- Den reelle veksten i budsjettet kjem i form av 23,1 millioner i auka resultatuttelling og dei 7,5 millionane som skal brukast på innføringa av nye rammeplaner for grunnskulelærarutdanningane. I fjor var dette ei tilleggsløyving, i år er det blitt ein del av rammebudsjettet vårt. Resultatuttellinga er i all hovudsak den gevinsten vi får av veksten i studiepoeng, så dette er ei god tilbakemelding til våre tilsette om at dei har gjort ein god jobb, seier Rokne.

Strukturmidlar ikkje fordelte

I 2017 blei det løyvd 150 millionar kr i såkalte strukturmidlar til universitet og høgskular, i samband med endringar og samanslåingar i sektoren. Av desse fekk HVL 39 millionar. 2018-budsjettet inneheld 145 millioner kr. til same føremål.

- Eg meiner HVL har heilt spesielle utfordringar knytta til det å byggje ein ny høgskule med så spredte campusar. Vi treng å få tilført ekstra middel for å etablere interne strukturar, ordningar og verktøy som kan skape ein effektiv organisasjon rundt forsking, undervisning og samhandling. Dette håper eg departementet forstår når strukturmidla blir fordelte, seier rektor.

Trekk for effektivisering

Auken som kjem frå resultatuttellinga og opptrapping i studieplassar jamnast noko ut av dei minustalla som kjem av forventa avbyråkratisering og nytt finansieringssystem. I 2018 er det berekna eit trekk på 9,2 millionar kr for HVL som eit ledd i den fleirårlege effektiviseringsreformen i universitets- og høgskulesektoren. 

- Det nye finanseringssystemet for sektoren, som mellom anna gjev ein gevinst til institusjonar som har store eksterne inntekter, slår negativt ut for HVL. Overgangen til det nye systemet skjer gradvis frå 2017 til 2019, og for 2018 inneber det eit minus på 4,8 millionar kr i rammeløyvinga i statsbudsjettet, seier økonomisjef for nærregion Stord/Haugesund, Kirsten Bakken.

Fakta om statsbudsjettet for HVL:

Samla ramme i 2018 er på 1 892 mill kr - ein auke på 98,6 mill kr.

Sentrale tal:

  • 48,9 mill kr for pris og lønnsstigning
  • 23,1 mill kr i auka resultatuttelling*
  • 10, 4 mill kr i auke for heilårsseffekt av rekrutteringstillingar tildelt i 2017
  • 33, 5 mill kr i auke som følge av opptrapping av tidlegare års tildelte studieplassar
  • 7,5 mill kr i tildeling til innføring av nye rammeplanar for grunnskulelærarutdanningane
  • 4,8 mill kr i tilpassing til nytt finansieringssystem**
  • 9,2 mill kr i avbyråkratisering- og effektiviseringsreforma.

* denne auken er noko meir enn forventa pga at veksten i studiepoeng er basert på differansen mellom snitt 2013-15 og 2016 i staden for ein auke frå 2015 til 2016.

** ca. 1/3-delseffekt – inkl. fjorårets endring er effekten av nytt finansieringssystem no 2/3-dels innarbeida.