Sindre Dueland blir studentombod

Sindre Dueland er tilsett som studentombod for studentane ved Høgskulen på Vestlandet. Han blir det første studentombodet ved HVL.

Dueland har masterutdanning i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo og også masterutdanning i administrasjons- og organisasjonsutvikling frå Universitetet i Bergen.

Det nye studentombodet er frå Haugesund og er busett i Bergen.

Gler seg til å ta fatt på oppgåva

- Eg er veldig glad for at eg fekk denne jobben og klarar ikkje å slutte å smile, seier det nye studentombodet.

Han synes det er spennande at ordninga er heilt ny på Vestlandet og ser fram til å bygge opp tenesta slik at alle dei fem studiestadane Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund skal nyte godt av den nye ordninga.

- Eg skal jobbe for at det blir ei best mogleg ordning for alle studentar på Vestlandet. Eg likar at institusjonen ligg spreidd over heile Vestlandet, og planlegg å reise mykje mellom studiestadane, seier Dueland.

Dueland er busett i Bergen og vil ha hovudarbeidsstaden sin i Bergen, men legg opp til mykje reising mellom dei ulike studiestadane.

Uavhengig talsperson

Studentombodet skal vere ein uavhengig bistandsperson for studentane og gi råd og hjelp i saker knytt til studiesituasjonen.

Ombodet skal blant anna sjå til at studentsakene vert forsvarleg og rett handsama og at rettane deira blir ivaretatt.

Studentombodet skal ha ei uavhengig rolle i forhold til organisasjonen.