Til topps med godt arbeid
Ingeniørstudentane Martin Berntsen, Christoffer Molven og Bjørnar Nitter leverte årets beste bacheloroppgåve i Haugesund.
Prisen blei delt ut under «Prosess- og sikkerhetsdagen» no i juni. I konkurranse med over 70 andre studentar blei «Utvikling av klammer som del av løfteutstyr for løft av fleksible rørledninger i forskjellige dimensjoner fra havbunnen» peikt på som den beste oppgåva av juryen.
Om prisvinnarane skriv juryen:
- Oppgåva har direkte industriell betyding
- Oppgåva har ein god og tydelig struktur og eit godt språk
- Problemstillinga er tydeleg forklart
- Oppgåva har mange alternative og dels innovative løysningar og presenterer desse på ein grei og oversiktleg måte
- Det er flotte handskisser
- Anbefalt løysing er realistisk og vil kunne brukast for mange oppgåver
- Løysninga er blitt godt dokumentert med omfattande teikningar både i 2D og 3D, samt relevante berekningar.
Studieleiar Jens Christian Lindaas fortel om mange flinke ingeniørstudentar i årets kull.
- Som ved tidlegare år, så har årets oppgåver høg kvalitet. Studentane legg mykje arbeid ned i bacheloroppgåvene sine.
Han seier at det og blei delt ut fleire prisar under «Prosess- og sikkerhetsdagen».
- «Brann-prisen» som er beste brannrelaterte oppgåve er gitt av bransjeorganisasjonar. Den gjekk i år til studentane Arne Brathole, Anniken Hågenrud og Håkon Norvoll med oppgåva: «Gjennombrenningstid til elementer i brannskall»
- «Petroleumsprisen» (beste oppgåve relatert til den petro-maritime næringa) blir delt ut i august i samband med Subsea-konferansen «SubOps 2017».