Tar pulsen på sykkel-VM

Denne veka kan du møte fleire HVL-folk på VM-stand.

I samband med sykkel-VM har HVL-forskarane Lars Peder Vatshelle Bovim og Morten Kristoffersen flytta deler av SimArena, Fysiologisk testlab og Rehabiliteringslaben utandørs. Dermed kan alle som vil, ta ulike testar for å sjekke korleis formen er samanlikna med sykkel-proffane. 

– Vi testar mellom anna maksimalt styrke i sykkeltråkk og maksimalt oksygenopptak, slik at du kan sjå om ditt nivå er langt unna toppnivået, seier Morten Kristoffersen. 

HVL-student og VM-reserve

En av dei som var innom og testa formen var HVL-student og VM-deltagar, Bjørnar Vevatne Øverland, som sykla lagtempo elite på søndag.

– Dessverre skal eg ikkje vere med på fleire ritt i VM. Eg er ein av reservane dersom noko skulle skje, men eg håpar det går bra med lagkameratane, seier Øverland.

Han går bachelor Idrett og kroppsøving og har læraryrket i bakhand, når sykkelkarrieren ein dag er over. Enn so lenge satsar han for fullt, og har dette året fått status som toppidrettsutøvar frå Olympiatoppen.

Frå venstre: Lars Peder Vatshelle Bovim og Morten Kristoffersen og professor Bent Rønnestad frå Høgskolen Innlandet - ein av Noregs fremste sykkelekspertar. Syklist Bjørnar Vevatne Øverland til høgre i bilde.

Fyldig program

Kvar dag under heile VM er det forskjellige faglege innslag på VM-Expo-standen. Fredag og laurdag presenterer HVL-professor Ola Drange Røksund resultat frå ei studie som mellom anna handlar om pusteproblem ved anstrengelse, frå forskargruppa Idrett, helse og funksjon.

F A K T A 

  • Du finn VM-Expo i teltet som ligg tvers over vegen for Håkonshallen, rett bak Intersport sitt telt. Standen er open kvar dag mellom kl. 10 til 18 under heile VM.
  • VM-Expo-standen består av samarbeidspartane i Idrettscampus Bergen. Dette er HVL, UIB, Olympiatoppen, Norges Idrettsforbund, Brann, Helse Bergen, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. Hovudmålet deira er å styrke arbeidet med idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Hordaland.