Planlegg nettundervisning

Før du går i gang med nettundervisning er det eit par ting det kan vere lurt å tenkje over og vere merksam på, t.d. korleis ein kan bli kjent med studentane over nett og korleis ein best mogleg planlegg ei økt på nett.

Bli kjent med studentane

Kunnskap om studentane kan hjelpe deg med å planlegge og tilrettelegge undervisninga. Det kan t.d. vere kunnskap om alder, yrkesbakgrunn, livssituasjon, foventningar til studiet og digital kompetanse. Nokre studentgrupper er prega av stor skilnad mellom studentane, mens andre er meir homogene.

Du vil kanskje ha lite informasjon om studentane før studiestart, men du kan nytte fyrste samling til å bli kjent med studentane – og la dei bli kjent med kvarandre. Du kan t.d. la dei presentere seg for kvarandre, lage ein poll der dei kan svare på spørsmål om utdanning og yrkeserfaring, eller legge inn eit felt der dei kan skrive ope om seg sjølv. Ei anna moglegheit er å nytte Location Map. Her kan alle studentane legge inn sin posisjon. Det er fint å nytte når ein har kurs med studentar som er busett fleire stadar i landet (eller utlandet!). NB: kartet kan fungere dårleg om alle studentane er på same plass.

Nokre stikkord som du kan hugse på når du skal planlegge nettundervising kan vere:

  • aktiv deltaking og problemløysing i relevante caser/oppgåver
  • refleksjon kring eigen læring og dialog i prosessorienterte aktivitetar
  • forplikting til kunnskapsbygging, progresjon, felles forståing, utvide eigen forståingsramme
  • strukturert løp, klare mål og delmål
  • oppleving av relevans
  • bruke erfaringar frå eige yrke (for vidareutdanningsstudentar)

Kjelde: Fleksibel utdanning Norge (2017). Kvalitet i nettundervisning – en veileder (s. 14-15).

Planlegg ei nettundervisingsøkt

Før du går i gang med nettundervisning, bør du tenke over korleis du vil leggje opp studiet og semesteret (Fleksibel Utdanning, 2017). Tenk over:

  • Korleis kan eg dele faginnhaldet i hesiktsmessige deler, og i kva rekkefølge bør studentane jobbe med desse? Korleis få til ein gradvis og god progresjon?
  • Kva typer læringsressurser er det behov for?
  • Skal fagstoff og oppgåver bli publisert litt eller litt i ein fast rekkefylgje, eller skal alt vere tilgjengeleg frå kursstart?
  • Kva medier, plattformer og digitale verkty skal verte brukt i distribusjon av læringsressursane?
  • Kor stor del av undervisinga og læringsaktivitane skal vere synkron og kor stor del skal vere asynkron?
  • Skal det vere gruppeaktivitetar og samarbeidslæring i studiet? Kva verktøy skal nyttast?

I ei nettsamling er undervisninga ein-til-mange, og difor vil det vere lurt å bryte opp undervegs, t.d. ved hjelp av polls eller breakout rooms.

Dele dokument og skjerm

I undervisinga kan du velje om du vil laste opp eit ferdiglaga dokument eller om du vil dele din eigen skjerm med studentane. Fordelen med å dele skjerm er at du kan gjere endringar live (t.d. om du vil vise eit reknestykke) eller du kan vise spesifikke program. Du kan og velje å vise ferdiglaga power pointar og pdf.-filer. 

Lage poll

Under ei nettsamling kan du nytte funksjonen Poll for å lage interaktivitet i undervisinga. Du kan lage spørjeundersøkingar med fleire svaralternativ og spørjeundersøkingar der studentane kan legge inn korte eller lange svar. Polls kan vere nyttige når du vil ha tilbakemelding frå deltakarane, eller når du ønsker at deltakarane skal svare på spørsmål undervegs. Det kan og vere nyttig om du vil få tilbakemelding om innhald, presentasjon og undervisninga mot slutten av ein undervisningsøkt.

Å vere ein god nettundervisar krev øving! Her er nokre ting du kan hugse på:

  • Øv deg i førekant: det kan vere lurt å øve seg på å kikke inn i kamera, ha jevnt talevolum og variert tempo. Dette kan du trene på før di første undervisningsøkt ved å ta opp ein øvingsvideo av deg sjølv.
  • Legg inn minst like mange og like lange pauser som du ville gjort i eit vanleg klasserom.
  • Om du har ei lita studentgruppe kan du gi studentane små videosnuttar og litteratur i førekant, og heller nytte den synkrone undervisninga til å diskutere case eller oppgåver.

Dette kan vere lurt å sjekke før du går i gang med fyrste samling

Lysforhold i rommet: Det kan vere lurt å sjekke lysforhold i rommet du skal ha undervisinga i. Pass på at du har rett lyssetting, så ikkje bilete av deg vert mørkt under samlinga.

Bakgrunn: Ha gjerne ein roleg bakgrunn bak deg. Det kan virke forstyrrende for studentane om det heng bandplakatar eller posterar bak deg mens du underviser. Du ynskjer at fokuset skal vere på deg sjølv og på den faglege presentasjonen.

Lyd: Ta ein sjekk gjennom lydinnstillingane i Zoom før du set i gang. Sjølv om du har gjort det tidlegare, tilrår vi at du gjer det før kvar undervisingsøkt. Dersom du nyttar ei anna maskin eller har kopla maskina til og frå, kan settingane dine verte tilbakestilt. Sjekk difor heller ein gong for mykje enn for lite.