Synkron nettundervisning

Ved synkron nettundervisning vil studentane møte til undervisning i eit virtuelt klasserom til angitt tid. Vi seier at vi har nettsamlingar.

Ved Høgskulen på Vestlandet brukar vi konferanseverktøyet Zoom til slike møter på nett. Her kan du sjå og kommunisere med studentane dine i sann tid, du kan presentere faget ditt ved hjelp av ulike medium, og du kan aktivisere studentane på ymse vis.

Det er viktig at alle som skal delta i ei nettsamling, har dei tekniske og praktiske føresetnadane på plass. Det handlar om utstyr, programvare, innstillingar og tilgang til nettrom. Dersom du og/eller studentane dine er nye i Zoom, må du difor bruke litt tid på dette.

Når du skal til med nettundervisning er vala mange, og du som underviser må tenkje godt gjennom korleis nettundervisninga skal vere. Her vil du finne tips som kan vere lurt å undersøkje før du går i gang med ei nettsamling. Du finn tips til korleis du kan bli kjent med studentane, og ulike verktøy du kan nytte når du planlegg ei økt.

Her vil du finne informasjon om korleis du gjer opptak av ei økt, tips til måtar du kan starte ei økt på og korleis du kan la studentane introdusere seg sjølv.

Verktøy og gode råd

Her har me samla brukarrettleiingar for Zoom og andre verktøy som er gode å bruke i nettundervisning samt gode råd ved bruk av video i undervisning.