pensum(kopi)
På denne sida står alt du treng å vite for å lage pensumlister. Finn du ikkje det du lurer på? Ta kontakt så hjelper vi deg.
Korleis registrere pensum?
1. Opprett ei pensumliste
Opprett pensumliste
For å opprette ei pensumliste er det enklaste å gå via Canvas. Finn emnet, sjekk at det er rett studieår og semester, og klikk på «Pensum» i venstremenyen
Dersom det ikkje ligg ei pensumliste frå før får du ei melding om at du er på veg å opprette ei liste. Her står det òg i kva for eit emne du opprettar ho.
Skriv tittel på lista

Som tittel bruker du strukturen "Emnekode Emnenamn", t.d.: ING4007 Industrial Fire Safety.
Dersom emnet går på fleire campusar og har same emnekode, men ulikt pensum, legg du på campus i parentes t.d.: BULL101 Barns utvikling, lek og læring (Sogndal).
Fyll ut feltet for semester og studieår.
Feltet for lenkje skal vere til emnerommet i Canvas. Mest sannsynleg treng du ikkje å endre på den. Skal lista vere til fleire emnerom kan du sjå videre på punkt 2.
Vel mal for pensumliste
Vel "Standard (norsk)" og klikk på "Opprett pensumliste" for å opprette ei tom liste.
FAQ
Ofte stilte spørsmål om å opprette ei pensumliste
Det står ikkje emnet eg opprettar liste for
Får du opp dette skjermbilete når du skal opprette pensumliste?
Emnet er mest sannsynleg ikkje lagt inn i Leganto. Kontakt biblioteket på pensum@hvl.no for å få hjelp.
Eg finn ikkje "Pensum"-knappa i Canvas
For å leggje til pensumknappen går du til "Instillinger" for emnerommet og vel "Navigasjon". Mest sannsynleg vil du finne at "Pensum" ligg på lista over skjulte element. Dra elementet opp til dei synlege.
Eg får ikkje opp mitt emne på oversikta i Canvas
Kontakt Canvas-teamet på canvas@hvl.no.
Eg får "Brukaren er ikkje registrert i Leganto"
Meldinga betyr at du ikkje er registrert i biblioteksystemet.
Kontakt biblioteket på pensum@hvl.no for å bli lagt inn i systemet.
Biblioteket treng då å vite:
- Namn
- Feide-Id
- Campus
- E-postadresse
- Adresse
2. Legg til studenttal samt fleire emna til ei pensumliste
Legg til fleire emnerom på ei pensumliste
Når ein opprettar ei pensumliste via Canvas blir emnerommet automatisk kopla til pensumlista. Ei pensumliste kan også vere kobla til fleire emne i Canvas slik at eventuelle endringar blir synlege i alle aktuelle emnerom.
For å leggje til fleir emnerom: klikk på dei tre prikkane opp til høgre og vel "Handter lenkje til emnet".
Klikk på "Legg til emne" og søk opp den unike SIS-ID`en for Canvasrommet. Alternativt emnekode/emnenamn, men då må ein sjekke at år og semester er korrekt.
Merk: Går same emne på hausten og våren, men for ulike kull, så skal ikkje éi pensumliste bli kopla til begge emna. Kopier pensumlista slik at du får ei for våren og ei for hausten.
Kontakt gjerne brukarstøtte dersom du vil ha hjelp til å gjere det.
Legg til studenttal
For å redigere studenttalet klikkar du på dei tre prikkane ved sida om emnet. Dette er viktig informasjon for mellom anna studentbokhandelen.
Dersom du har fleire emnerom på ei pensumliste så skriv du tala for det enkelte emnerommet, ikkje totalen for alle emnerom.
Datoar
Sjekk at datoane dekker heile studieåret, til dømes: 01. juli-2024 - 30. juni-2025. Det gjeld sjølv om emnet berre går eit semester. Pågår emnet leggjer enn eit år så legg du på eit år til.
FAQ
Ofte stilte spørsmål om studental og fleire emna
Finn ikkje emnet når eg skal leggje til
Dersom du ikkje finn emnet når du prøver å leggje til så er det mest sannsynleg fordi:
- Emnet ikkje er lagt inn i Leganto
- Du er ikkje lagt inn som lærar på emnet i Leganto
Korleis finne SIS-ID´en
Du finn den i Canvas ved å klikka på "Innstillinger" og fana "Emnedetaljer".
SIS-ID´en byrjar for det meste på "UE" eller "UA" og kjem då frå FS. Byrjar den på "HVL" er emnerommet oppretta direkte i Canvas.
3. Lag struktur på pensumlista
Lag struktur på pensumlista
I Leganto må alle referansar bli strukturert i seksjonar. Det kan til dømes vere: anbefalt litteratur, veke X, eller ei tematisk inndeling. Du kan òg ha alle referansar i ein stor seksjon.
Ein seksjon ligg der når du opprettar ei liste for fyrste gong. Klikk på "+ Legg til" og "Ny seksjon" for å opprette seksjon.
FAQ
Ofte stilte spørsmål om struktur på pensumlista
Korleis flytte på seksjonar
For å flytte på ein seksjon held du pusepeikaren til venstre i seksjonen og ein "dra-knapp" vil kome opp. Klikk og dra den dit til du vil ha den.
4. Søk opp og legg til referansar
Søk opp og legg til referansar
Det finst ulike måtar å leggje inn referansar på. Kva for metode som er lurt å bruke varierer utifrå materialtype og tilgang:
Søk opp i Leganto
Dette er den enklaste måten å finn og leggje til bøker og bokkapittel på. Du vil òg finne det meste av artiklane HVL har tilgang til.
Byrja med å klikke på "+ Legg til" etterfølgt at "Søk i biblioteket".
Bruk feltet for å søkje.
Du finn ei bok enklast ved å søkje på boktittel eller ISBN. Ver obs på att viss du søkjer på ISBN, så vil du ikkje få opp eventuelt nye utgåver av boka. Er det ein artikkel du skal finne, så søkjer du på tittel.
Viss du ikkje finn boka; prøv å endre frå å søk i "HVL bibliotek" til "Norsk fagbibliotek".
Det er ulike måtar å leggje inn materiale i pensumlista.
Alternativ 1: Ha musepeikaren over referansen og klikk på det grøne ikonet og dra referansen dit du vil ha den.
Alternativ 2: Klikk på referansen og vel kva for seksjon den skal vere. Klikk på "Legg til". Då kjem den nedst i seksjonen.
Cite it!
Med Cite it så oppsøker du nettsida du ønsker å leggje til. Det kan vere sider som du ikkje finn via søk i Leganto, eller ressursar som ligg på ei vanleg nettside, som NOU-rapportar. Den støttar òg mange vitskaplege sider som Elsevier, IEEE og SAGE.
For at Cite it skal fungere må ein knapp bli lagt inn på bokmerkerada. For å leggje inn klikkar du på tannhjulet oppe i høgre hjørnet i Leganto, samt "Cite it!". Følg deretter instruksane.
Finne du ikkje bokmerkerada? Sjå instrukks for å få den fram.
For å bruke Cite it må du vere pålogga Leganto ei anna fana. Finn fram sida du ønskjer å leggje til i pensmlista, og klikk på "Cite it!"-knappen. Den vil då prøve å hente inn så mykje informasjon som mogeleg å presentere det for deg. Cite it fungerer derimot ikkje på PDF.
Sjekk informasjon og vel deretter i kva for pensumliste og seksjon du ønsker å lagre referansen.
Legg inn manuelt
Bruk denne viss du ikkje finn materialet via søk eller på nett. Det kan til dømes vere heilt nye bøker.
Vel "+ Legg til" og "Opprett manuellt".
Trinn 1: Fyll i materialetype og tittel. (Dersom du laster opp ei fil så vil Leganto prøve å hente informasjon frå fila og oppdatere felten.)
Trinn 2: Basert på kva for materialtype det er, vil du få opp ulike felt å fylle i. Når du fyller i, er det viktig å få med så mykje informasjon som du kan, slik at ein forstår kva dokument det blir referert til.
Trinn 3: Vel kva for seksjon referansen skal inn på, samt eventuelle kommentarar til studentane.
Uansett kva for måte du bruker, sjekk alltid at informasjonen ser korrekt ut. Referansen viser tilgangen til materialet hos biblioteket, anten den fysiske samlinga eller lenkje til elektronisk versjon. I tillegg kan du laste opp eige materiale.
Rediger referansar
Informasjonen på referansane blir henta frå biblioteket sin katalog. Generelt skal det ikkje vere naudsynt å endre. Det som derimot kan vere feil er korleis forfattarane er lagt inn. Forfattarnamn skal stå slik «Kjellevold, Alice ; Førland, Oddvar».
For å redigere klikk på dei tre prikkane på referansen og "Rediger referanse".
Legg til kommentar
Enkelte gongar kan det vere naudsynt å leggje inn ein kommentar, til dømes om kva som skal lesast. Du finn mogelegheita på to plassar: anten ved å klikke på referansetittelen eller ved å klikke på dei tre prikkane på ein referanse og "Rediger referanse" og fana "Handlingar". Finn deretter fram til "Studentnotar".
FAQ
Ofte stilte spørsmål om søk og leggje til referansar
Er kapittel/deler av ei bok pensum?
Du har då to alternativ:
Er det berre eit kapittel?
Søk opp og legg til boka som kapittelet er med i.
1. Klikk på dei tre prikkane som er på referansen du vil endre, vel Rediger referanse.
2. Under "Type", endre til bokkapittel.
3. Under "Detaljar", fyll i kapitteltittel, start- og siste side samt, viss det finnes, kapittelnummer og kapittelforfattar.
4. Lagre.
Er det fleire delar av i ei bok som er pensum?
Søk likevel på tittelen til boka og gjer fylgjande etter at boka er lagt til i lista.
1. Klikk på bokas tittel.
2. Under Studentnoter fyller du i sidetal eller kapittel som er på pensum.
3. Informasjonen blir automatisk lagra.
Hugs at du via Bolk kan få digitale kopiar av kapittel som du kan laste opp til referansen.
Finn du ikkje boka?
Test om du får treff ved å endre på kva for kjelde du søkjer i. Under Søk i biblioteket, endre til "Norske fagbibliotek".
Du kan òg leggje det inn manuelt.
Er boka ny? Opprett ein ny referanse å legg inn den viktigaste informasjonen manuelt: tittel, forfattar, ISBN, utgåve, forlag, år.
Er det ei ny utgåve? Opprett ein ny referanse å legg inn den viktigaste informasjonen manuelt: tittel, forfattar, ISBN, utgåve, forlag, år. Ikkje bruk ein eldre utgåve som mal, då det lagar problem med kopling til biblioteket sin samling.
Finst boka som e-bok i tillegg til den fysiske?
Enklast er å leggje inn både den fysiske og den elektroniske versjonen. Du vil altså få to referansar i pensumliste på den same tittelen.
Dersom ein ønsker å ha begge versjoner i same referanse så fins ein mer avansert måte. Gjer fylgjande:
- Legg inn begge versjoner.
- Gå til e-versjonen og "Rediger referanse".
- Kopier kjelden.
- Gå til den fysiske versjonen og legg inn nettadressen du nett kopierte. Lagre.
- Slett e-versjonen frå pensumliste.
Sortere referansar
Når du byrjar å leggje inn seksjonar og referansar i lista, blir dei lagt under kvarandre. For manuelt å flytte desse,
Referansar: Hald musepeikaren over referansen og klikk på ikonet med seks prikkar og dra til den plassen der du ynskjer å ha den.
eller..
Marker referansen
og bruk pilene eller valet "Flytt" for å flytte plasseringa.
Seksjonar: Klikk på seksjonen du skal flytte for å komprimere pensumlista. Halde musepeikaren over seksjonen og klikk på ikonet med seks prikkar og dra til den plassen der du ynskjer å ha den.
Ein kan òg automatisk sortere pensumliste på tittel eller forfattar i seksjonane. Klikk på dei tre prikkane som gjeld for heile pensumlista og vel "Sorter referanser innad i seksjonene".
Merk at ikkje alle referansar kjem korrekt slik at små justeringar i etterkant er naudsynt.
5. Legg til obligatorisk/anbefalt-taggar
Legg til obligatorisk/anbefalt-taggar
For at studentane skal vite kva som er tilrådd og kva som er obligatorisk, kan du bruke taggar på referansane.
Ved å bruke taggar framfor å skrive kommentarar om kva som er obligatorisk, kan studenten enkelt filtrere i lista. Viss du tek i bruk taggar; la ikkje referansar stå utan. Det kan skape forvirring for studentane om kva dei skal lese.
Du finn taggane når du klikkar på referansetittelen.
6. Klarer bruk av kopier samt få digitalt materiale
Har du tenkt å dele kopier av materiale digitalt eller analogt? Då er de viktig at du held deg til føringane som ligg i dei ulike avtaler, som Kopinoravtalen. Les meir om klarering for ulike materialtyper.
Bokutdrag opphavsrettsklarerast i Bolk. Der kan du òg få digitale kopier heilt lovleg. Du kan klarere på to måter:
Merk at sistnemnte ikkje vil fungere for alle. Sjå meir informasjon via lenkja.
Det er lurt å ha klarert før du laster opp filer i Leganto/Canvas eller sender inn pensumlista.
Hugs at klarering av materiale frå Bolk må blir gjort for kvart år eller eit nytt kull.
7. Last opp filer
Last opp filer
For å laste opp filer klikker du på dei tre prikkane ved sidan av ein referanse og vel "Rediger referanse". NB: Det er berre mogeleg å laste op ei fil per referanse.
Gå til fana "Lenkjar og tilgjengelegheit". Klikk der det står "Vel fil" og vel fila du vil laste opp, eller dra fila.
Når fila er lasta opp får du eit spørsmål om opphavsrettsklarerering av materialet. Vel alternativ 2 dersom materialet er klarert i Bolk eller Copyright Clearance Center. Vel alternativ 3 dersom materialet ikkje treng opphavsrettsklarering.
Enkelte gongar "les" Leganto fila og oppdaterar informasjonen i referansen basert på dette.
Fila vil vere tilgjengeleg for nedlasting frå referensen, etter at biblioteket har fullført kontrolleringa.
Er fila ein kopi av materialet, til dømes digitalisert bokutdrag, så markerer du det ved å sette taggen "Digital kopi" på referansen. Klikk på referansetittelen for å legge den til.
Merk at opplasta filer berre vil vere tilgjengeleg for studentane som tek emnet og at dei første gong må gå via Canvas.
8. Send inn pensumlista
Når du er ferdig med ei liste, klikker du "Fullfør pensumlista". Viss du ikkje gjer det får ikkje biblioteket melding om at lista er ferdig, og ho blir dermed ikkje publisert.
Før du sender inn lista får spørsmål om du vil publisere pensumlista. Viss du ikkje publiserer så vil biblioteket gjere det når dei har gått igjennom lista.
Nyttig å kjenne til
Når emnet går på nytt
Har du laga ei pensumliste for eit emne så vil biblioteket kopiere lista til neste studieår. Det blir gjort to gongar/år. Ein gong for kvart semester.
Går du inn i eit canvasemne for eit nytt år så vil den liggje klar til å bli redigert og sendt for eit nytt kull. Det er vert å merke seg at pensumlista ikkje blir kopiert når canvasemnet blir det. Pensumlista blir kopiert i ein eigen prosess.
Hugs at du må sende inn pensumlista for det nye året/semesteret, sjølv om du ikkje gjer nokon endringar.
Når emnet ikkje skal ha pensum
Dersom emnet ikkje skal ha pensum så er det ønskeleg at det blir lagt inn melding om det i Leganto. Slik at studentar og andre som søkjer etter informasjon veit at det ikkje vil kome.
For å gjere det så opprettar du ei pensumliste som vanleg. Når du skal velje mal, så vel du den som heiter "Ingen pensumliste". Deretter kan du sende inn lista.
Dersom du allereie har oppretta ei liste så kan du leggje inn ein seksjon og i tittelen skrive "Emnet skal ikkje ha pensum" og deretter sende den inn.
Kopiere ei pensumliste
Det kan av og til vere behov for å kopiere ei pensumliste. To emne kan til dømes ha svært like pensumslister, men med eit par unntak. Eitt emne som går på hausten skal ha lik liste på våren men då for eit anna kull. Då kan ein kopiere lista slik at ein ikkje treng å leggje inn alt på nytt.
Ta kontakt med brukarstøtte dersom du ønsker å få ei liste kopiert.
"Favorittar" - lagre referansar
Har du same referanse som skal inn på fleire ulike pensumlister så kan det vere lurt å ta i bruk "Favorittar". Ved å leggje inn referansar der så treng du ikkje å søkje dei opp når du skal leggje dei inn. "Favorittar" kan òg bli brukt som samleplass for materiale du vurderer å ha som pensum.
Det er tre ulike metodar for å lagre i "Favorittar".
Frå ein referanse i pensumlista
Klikk på dei tre prikkane i referansen og vel «Lagre som favoritt».
Med Cite it
Klikk "Favorittar" og "Legg til".
Søk den opp i Legantosøket
Inne i Leganto, klikk på Favorittar i menyen til venstre. Deretter "+ Legg til". Søk eller opprett manuelt.
For å leggje til frå mi samling klikkar du på knappen "+ Legg til" og "Legg til frå favorittar".
Legg inn uavhengig kommentar
Vil du ha ein kommentar i pensumlista som ikkje er gjeld ein enkelt referanse, seksjon eller heile lista. Då finst det moglegheit for det. Klikk "+ Legg til" og vel "Ny merknad".
Slik vil den sjå ut i pensumlista.
Kva skjer etterpå?
Når du har sendt inn pensumlista så får biblioteket ho. Det blir òg sendt pensumoversikt til den lokal bokhandelen. Merk at bokhandelen vil gjere eit utval av boktitlar som dei bestiller inn.
Kontrollering og publisering
Biblioteket sjekkar lista for:
- Har referansen nok og korrekt informasjon.
- Er det siste utgåva av boka.
- Fungerer lenkjar til elektronisk materiale.
- Har biblioteket tilgang til materialet fysisk og/eller digitalt.
Når biblioteket er ferdig blir lista publisert.
Ønsker du å endre på lista etter publisering?
Det går fint å endre på lista sjølv om du har sendt ho inn eller ho er publisert. Av omsyn til studentane er det derimot ikkje lurt å gjere for omfattande endringar etter at emnet har starta. Dersom pensumlista er publisert så vil endringane vere synlege på direkten. Det einaste unntaket er opplasta filer. Der må biblioteket godkjenne før dei blir tilgjengelege.
Listene blir låste for redigering ca. 3 månader etter semesterslutt.
Do you need instructions for Leganto in English?
Use the instructions from Baylor University.