Cristin

CRIStin (Current Research Information System in Norway) er eit nasjonalt system for registrering og rapportering av forskingsaktivitet. Alle tilsette ved HVL skal registrere FoU-publikasjonar, prosjekt og forskingsopphald i Cristin. Tilsette har sjølv ansvar for å halde sine Cristin-profilar oppdatert, men biblioteket tilbyr opplæring og rettleiing.

Korleis registrere forskingsresultat? Prosjekt i Cristin

Kva skal registrerast og kva gjev publikasjonspoeng

All aktivitet og publisering skal registrerast i Cristin, men ved rapportering er det berre nokre publikasjonstypar som gjev utteljing. Det gjeld vitskaplege tidsskriftartiklar, vitskaplege monografiar og vitskaplege antologiartiklar. Publikasjonane må vera publisert i tidsskrift eller på forlag som er godkjent på nivå 1 eller 2 i NSD sitt kanalregister.

For å lære meir om tildeling av publikasjonspoeng og korleis dei inngår i finansieringsmodellen for universitet- og høgskulesektoren, les meir på NSD sine sider.

Forfattaradresser

Alle publikasjonar må ha forfattaradresse for at dei skal kunne rapporterast!
Fram til ny organisasjonsstruktur og nemningar på avdelingar/institutt i HVL er på plass gjeld desse retningslinjene:

  • Høgskulen på Vestlandet (ev. Western Norway University of Applied Sciences) skal nyttast som forfattaradresse. Den einskilde forfattar spesifiserer vidare med namn på noverande avdeling, og eventuelt det han/ho sjølv meiner best utrykker kvar i organisasjonen publikasjonen høyrer heime.
  • Når dei tre tidlegare høgskulane sine CRIStin-databasar vert slegne saman til ein, vil publikasjonane følgje den fagtilsette inn i ny institutt/avdeling uavhengig av korleis forfattaren har formulert si forfattaradresse på publikasjonen.

Personprofil på HVL-nettet

Alle tilsette har ein personprofil på HVL-nettet. Frå personprofilen blir det automatisk lenka til forskarprofilen din i Cristin. I tillegg kan du sjølv velje inntil fem publikasjonar som du ynskjer å gjera synlege på personprofilen din.
Her finn du framgangsmåten for korleis du oppdaterer nettsida di

Opplasting av fulltekst ved registrering i CRIStin

HVL oppmodar alle om å lasta opp fulltekstversjonar av forskingsartiklar via Cristin. Artiklane blir automatisk sendt vidare til HVL sitt institusjonelle arkiv HVL Open og biblioteket gjer ei opphavsrettsleg vurdering av artiklane før dei eventuelt blir gjort ope tilgjengelege.

Korleis lasta opp artiklar via CRIStin
Les meir om eigenarkivering av forskingsartiklar
Les meir om open access (open tilgang) ved HVL