Undervisning og kurs for forskarar

Biblioteket presenterer nyttige tema for deg som forskar, skriv og publiserer.

Biblioteket tilbyr undervisning, kurs og workshops i ei rekkje ulike tema. Kvart semester har vi opne undervisningsøkter om søk, referansehandtering, publisering og akademisk skriving. Utover dette er forskargrupper, institutt og fakultet velkomne til å ta kontakt med oss for innlegg om eitt eller fleire tema, eller kome med forslag til samarbeidsformer. Vi skreddarsyr gjerne eit tilbod, ta kontakt med Kåre Johan Mjør

Våren 2024

Nedanfor finn du oversyn over undervisninga biblioteket tilbyr for ph.d.-kandidatar og forskarar våren 2024. Øktene er annonsert i Vestibylen, påmelding nødvendig i enkelte tilfelle. Vel møtt!

1. februar OVID-databasane
5. februar Kunnskapsoversikter: Ein introduksjon til ulike typar
8. februar EBSCO-databasane
23. februar Scopus-databasen
8. april Akademisk skriving 1
15. april Akademisk skriving 2
18. april Scopus-databasen
29. april OVID-databasane
6. mai EBSCO-databasane

 

Tema vi tilbyr

  • Ressursar for forskarar: Google Scholar, Publons, Scopus, Web of Science, Research Gate
  • Orcid og forfattaridentitet 
  • Litteratursøk: Kvar du bør søke og korleis
  • Referansehandtering: korleis bygge ditt eige artikkelarkiv
  • Open publisering av forskingsdata
  • Akademisk skriving
  • Vancouver-reglane for forfattarskap
  • Publiseringsprosessen (publiseringskanalar, fagfellevurdering)
  • Open Access /  APC - kostar det pengar? 
  • Plan S 
  • Cristin/NVA og publikasjonspoeng 
  • Forskingsevaluering: Norsk publiseringsindikator, siteringar, impaktfaktor, H-index
  • Akademisk reielegheit: useriøse publiseringskanalar og sjølvplagiering
  • Opphavsrett til eigne arbeid og institusjonell rettighetspolitikk

Shut up & write

Bli med på dei faste skrivestundene våre kvar fredag føremiddag! Å setje av faste tidspunkt til skriving er viktig både for å kome i gang og for å kome seg vidare med skrivearbeidet. Og når ein skriv saman med andre, er det lettare å konsentrere seg. I tillegg møter du forskarkollegaene dine. 

Informasjon om tilbodet blir gitt fortløpande i Facebook-gruppa Shut up and write for PhD candidates HVL.

Tilbod fredagar våren 2024:

  • Sogndal: "Badnakåna" frå klokka 9.00
  • Bergen: Rom D130, 9.00-12.00 
  • Stord og Haugesund: Ta kontakt dersom interesse

Kontakt

Førstebibliotekar
Bibliotek