Opning av campus og biblioteka

Studentar og tilsette ved HVL kan no låne og bestille bøker frå våre fysiske samlingar.

Opne campusbibliotek

Biblioteka har opna att og kan nyttast av tilsette og studentar. Unntaket er biblioteka i Bergen som held stengt grunna flytting. All rettleiing føregår framleis digitalt. Det er mogleg å låne, levere, bruke printer, og bruke areala. Hentehylla er flytta bak skranken på alle bibliotek. Ta kontakt i skranken for å hente bestilte bøker. Tilsette og studentar kan bestille bøker via Oria eller låne sjølv. Fjernlån frå andre bibliotek er ikkje mogleg i denne perioden.

Info for Bergen-studentar

Biblioteka i Bergen er ikkje opne for studentar eller tilsette grunna flytting. Det er mogleg å bestille og hente samt levere bøker ved campus Kronstad. Utlevering skjer i opningstida etter at du har mottatt hentemelding. Det er ikkje mogleg å låne bøker på campus utan å ha bestilt på førehand og fått hentemelding. Ring 55 58 58 60 når du er ved døra, og ein bibliotekar kjem ut med bestillinga. Bøker kan leveras i opningstida til campus på utsida av inngangen til biblioteket.

Grunna flytting er det ikkje mogleg å bestille bøker frå Møllendalsveien. Alle tilsette og studentar frå Møllendalsveien har blitt gjort om til lånarar på Kronstad og kan bestilla bøker.

Opningstid campusbiblioteka

Opningstider

Husk smittevern!

Vi ber om at tilsette og studentar følger smittevernsreglane ved utlevering/innlevering av materiale og når dei brukar biblioteket.

  • Hald avstand på 1 meter til dei rundt deg i biblioteket.
  • Andre må hente bestillinga for deg om du er i karantene eller i isolasjon!
  • Bruk antibac/desinfeksjon som står ved inngangen til biblioteket.
  • Hald deg heime om du har symptomar eller har vore i kontakt med nokon som har fått påvist corona.