Lånereglar

  • For å låne må du ha gyldig lånekort med rett kontaktinformasjon.
  • Lånaren er personleg ansvarleg for alt lånt materiale, og for at lånt materiale blir levert innan fristen i same stand som det var ved utlån.
  • Lånetida blir oppgitt ved utlån av kvart eksemplar. Materiale lånt fra andre bibliotek følgjer lånereglane til eigarbiblioteket.
  • Lånaren må erstatte tapt eller skada materiale. Minstepris per tapt eksemplar er kr 750,00. Når erstatningskrav er sendt, mister lånaren låneretten inntil purra materiale er levert eller erstatta.
  • Erstatningskrav som ikkje blir betalt, kan bli sendt til inkasso.
  • Brukarar av biblioteket forpliktar seg til å følgje Lov om opphavsrett til åndsverk ved bruk av biblioteket sine trykte og elektroniske ressursar. Tilgang til brukarnamn og passord er berre til personleg bruk.
  • Misbruk av bibliotektenester kan medføre tap av lånerett.