Skrivehalvtimen

Skal du i gang med å skrive oppgåve? Lurer du på korleis du går frå tema til problemstilling? Gjer du gode nok søk? Har du god struktur og flyt i teksten og i avsnitta du skriv? Bruk Skrivehalvtimen.

Skrivehalvtimen tilbyr individuell rettleiing for alle studentar ved HVL, uavhengig av campus.

Her treffer du skriverettleiarar som gir råd om skriving til studentar som er, eller skal, i gang med eit skrivearbeid. Vi rettleiar via nett (Zoom) onsdagar frå 11.30 til 16.00, der du møter skriverettleiar og masterstudent Inger Marie Vik. Bruk bestillingsknappen på Skrivesenterets Facebookside for å avtale tidspunkt. Eller send ein e-post til skrivehalvtimen@hvl.no

Velkommen!

Følg oss også på Facebook, der delar vi stadig ut gode skrivetips.

Kva skjer i Skrivehalvtimen?

Skrivehalvtimen begynner med å definere kva du treng hjelp med. Ta med nokre idear, ei skisse, eller eit utkast av ein tekst du jobbar med. Du kan òg kome med konkrete spørsmål relatert til skrivearbeidet. Gjennom dialog ser vi på kva grep du kan gjere for å kome vidare med oppgåva di.

Tenesta varer inntil ein halvtime. Du er velkomen til å oppsøke Skrivehalvtimen fleire gongar.

- Vi ser fram til å treffe deg og lese det du skriv.