Rettleiing og kurs

Biblioteket tilbyr ein-til-ein-rettleiing og åpne kurs

Rettleiingstenestene våre er stengt for sommaren frå 20. juni

Individuell rettleiing

Har du spørsmål kring referansar, søking eller akademisk skriving kan du få individuell rettleiing frå ein bibliotekar. I Skrivehalvtimen kan du få skriverettleiing frå skriverettleiarar.

 

Kurs og seminarer - Studieverkstaden

Biblioteket held jevnleg ulike kurs og seminarer. Sjekk kurs-kalender for din campus:

Skrivesenter

Skrivesenteret ved HVL koordinerer skriverettleiingstilbodet i biblioteket. Vi organiserer Skrivehalvtimen, skriveverkstader og kurs i akademisk skriving. Vi skreddersyr tilbod til studentgrupper etter ønske frå fagmiljøa. Ph.d.-kandidatar og forskarar er velkomne til å ta kontakt for manusrettleiing.