Skrivehalvtimen (FLKI)

Skal du i gang med å skrive oppgåve? Lurer du på korleis du går frå tema til problemstilling? Gjer du gode nok søk? Har du god struktur og flyt i teksten og i avsnitta du skriv? Kom til Skrivehalvtimen.

Rettleiarar Julie, Irene og Ingvild gir deg nyttige råd og tips når du skal skrive akademiske tekstar.På Skrivehalvtimen treff du skriverettleiarar som gir råd om skriving og tekstarbeid til studentar på FLKI som er, eller skal, i gang med skrivearbeid. Råd som går på fagleg innhald får du hos rettleiar på faget. Skrivehalvtimen tilbyr vi om våren.

Kva skjer i Skrivehalvtimen?

Skrivehalvtimen begynner med å definere kva du treng hjelp med. Ta med nokre idear, ei skisse, eller eit utkast av ein tekst du jobbar med. Du kan òg kome med konkrete spørsmål relatert til skrivearbeidet. Gjennom dialog ser vi på kva grep du kan gjere for å kome vidare med oppgåva di.

Kven treff du?

Skriverettleiarane er masterstudentar frå FLKI som er kursa til å rettleie.
Skrivehalvtimen er ei stikk innom-teneste, berre kom innom. Om ein medstudent blir rettleia kan du vente på tur.

Når?

Skrivehalvtimen kjem att våren 2019. 

- Vi ser fram til å treffe deg og lese det du skriv.